annonse

I morgon kan du få snø under skia

OPNAR
OPNAR: John Ivar Norheim, dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheiser AS framfor gjengen som har jobba hardt dei siste dagane. (Foto: Privat)
I MYRKDALEN
I MYRKDALEN: Gjengen som har stått på for å få alt på plass til opning i morgon. (Foto: Privat)

Trass i at vêrgudane ikkje har spelt heilt på lag dei siste dagane, opnar skianlegget i Myrkdalen i morgon.

Siri Flatlandsmo

– Me kan med glede fortelja at Myrkdalen vil opna skiheisane til helga, skriv marknadsdirektør Kaia Finne i Myrkdalen Fjellandsby i ei pressemelding fredag.

Etter planen opnar Myrkdalsekspressen, Kari Traa-trekket og Mikkeltrekket. Ned att vil det vera seks løyper å velja mellom.

John Ivar Norheim, dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheiser, opplyser at både trakkemaskinar og skipatruljen har jobba hardt for å få anlegget klart til opning. No er det om lag førti centimeter snø ved hotellet, og over ein meter på toppen.

Det er melde kaldt vêr og lite nedbør i veka som kjem. Men når startskotet går på laurdag kan det verta vått i Myrkdalen.

Når sundagen kjem ser skyene ut til å letta litt. Då vert det delvis skya, om me skal tru yr.no.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.