annonse

Idretten i god dialog med eigarane

FULL AV RØRSLE
FULL AV RØRSLE: Det er alt anna enn stillstand i saka om byggjing av bustadar i fritidsområdet Bømoen. Biilete frå Vossakrigar under Ekstremsportveko tidlegare i år. Arkiv (Foto: Vidar Herre)

Voss IL, Viljar og styret for Bømoløypa kjenner seg ­trygge på at bruken deira av Bømoen og Bømoløypa ikkje vert endra av den nye reguleringsplanen.

Ørjan Brattetveit Karl Ystanes

– Me opplever god dialog med Bømoen AS om framtida til løypa. Og me har berre positive erfaringar så langt, seier Nils Asbjørn Lie, som er styreleiar for Sameiga Bømoløypa.

Det er idrettslaga Viljar, Voss, Bjørgum og Voss skiskyttarlag som står bak løypa. Det er Viljar og Voss IL som er dei største brukarane­ av løypa.

Optimist

– Eg er optimist med tanke på Bømoløypa si framtid, seier Nils Asbjørn Lie.

Han meiner det er særs viktig både for idrettslag og for folkehelsa at Bømoløypa vert teken vare på.

– Me har ikkje tal på kor mange som nyttar løypa. Men det er mange. Det er folk her både på føremiddagen, ettermiddagen og kvelden. Løypa er i bruk til alle årstider. Spesielt mykje folk er det om sommaren og på fine vinterdagar med snø, seier Nils Asbjørn Lie. Han trur idretten og eigarane saman skal koma fram til gode løysingar på utfordringane rundt Bømoløypa.

– Det kan verta litt endringar. Men dei kan me få til på ein positiv måte, til dømes kan me får bort vegkryssingar. Det gjeld å planleggja og å samarbeida godt, seier Lie.

Orientering

Voss IL har ei rekkje under­grupper, og fleire av dei brukar Bømoen til idrettsarrangement og trening. Hordaland har vore i kontakt med representantar frå gruppene, men dei viser til at styret ved leiar skal uttala seg i saka om at ny reguleringsplan for Bømoen no ligg ute til ­høyring.

– Me har ikkje drøfta saka ferdig i styret enno, men eg kjenner meg likevel trygg på at eg som leiar kan seia at me ikkje ser for oss at den nye reguleringsplanen for Bømoen kjem i konflikt med måten me som idrettslag har brukt Bømoen på. Me har stort sett nytta området til orientering og me har nytta Bømoløypa. Slik me forstår planane, vil ikkje Bømoløypa verta endra. Erfaringa våre med eigarane av Bømoen har berre vore positive. Me opplever at me vert tekne godt vare på og at eigarane legg til rette for oss, seier styreleiar i Voss IL, Tore Tvilde.

Viljar

Nyvalt leiar for Viljar, Arnulf Ringheim, seier han

– Eg er nyvalt og treng å setja meg betre inn i saka før eg uttalar meg i avisa. Men eg kan seia at styret ser på planane som er ute til høyring, og eg opplever at me har eit godt samarbeid med Bømoen AS, seier Ringheim.

Les også: Voss kommunestyre vil ikkje prioritera bustadar i Bømoen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.