annonse

Innfører hastetiltak for å hjelpa bønder i turkekrise

HASTETILTAK:
HASTETILTAK: – Desse tiltaka er ikkje symbolske, men er tiltak som skal fungera, seier Dale til NTB om dei fire nye tiltaka. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Situasjonen er kritisk for norske bønder som opplever den verste sommarturken sidan 1947. No innfører landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fleire hastetiltak.

  • NPK

– Desse tiltaka er ikkje symbolske, men er tiltak som skal fungera, seier Dale til NTB om dei fire nye tiltaka.

Frå og med 13. juli innfører Landbruks- og matdepartementet nulltoll for import av høy og halm.

I tillegg vil bønder som slår korn og lagar grovfôr, likevel få arealtilskot for korn.

Raskare saksbehandling

Departementet vil også ha raskare saksbehandling for erstatningskrav, med mål om utbetaling innan utgangen av 2018.

Bøndene kan her forskotera inntil 50 prosent av erstatninga.

Departementet understrekar til slutt at det ikkje er krav for kommunar å kontrollera areal ein krev erstatning for, og at område som er ramma av turke, er tilstrekkeleg dokumentasjon for erstatningskrav.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.