annonse

Integrering i Norden fungerer berre halvvegs

Innvandringa til Norden har vore stor dei siste 20 åra, og høgast til Noreg. Integreringstiltak har berre hatt moderat effekt, og enkelte grupper oppnår ikkje meir enn 40 prosent yrkesdeltaking.

Det framgår av ein ny rapport frå Fafo om inkluderings- og integreringsutfordringar i Norden.

Det har vore ein stor auke i innvandringa i alle dei nordiske landa dei siste åra. Noreg ligg på topp med 132 prosent auke frå 2000 til 2012. Mesteparten kjem av arbeidsinnvandring frå nye EU-land etter 2004. Danmark og Sverige har hatt ein innvandringsauke på 50 og 47 prosent i same periode.

Samla sett er yrkesdeltaking blant innvandrarar i Norden relativt høg og viser ganske likt mønster i alle fem landa, men innvandrarar har svakare lønns- og arbeidsvilkår. I Noreg er dette ei særleg utfordring fordi vi både har høgast auke i talet på innvandrarar og lågast del organiserte i arbeidslivet.

Alle dei nordiske landa har spesifikke integreringstiltak, men desse har ifølgje rapporten berre moderat effekt.

I Finland er 5 prosent av befolkninga innvandrarar. Deretter følgjer Island med 8 prosent, Danmark med 9 prosent og Noreg med 12 prosent, medan Sverige har 15 prosent innvandrarar. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.