annonse

Intimt og annleis i Tråakrokane

UNDERHALDANDE
UNDERHALDANDE: Osgood underheldt publikum med lydar frå piano, seg sjølv og gjenstandar i huset. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
I STOVA
I STOVA: Heimekoseleg og intimt er stikkord frå konserten i Tråakrokane laurdag. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
KOM INN
KOM INN: Eli Anne Trå (t.h.) og den yngste dottera tek imot ein av gjestene i gangen, til heime hjå-konsert. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Heime hjå familien Palmqvist Trå vart det ein annleis laurdag, med rundt 20 gjester og éin musikar.

Marita Saue Hamre

I eitt kvitt hus i enden av Tråakrokane stod Stefan Palmqvist, Eli Anne Trå og borna trippande og venta på gjestene. Dei visste ikkje kor mange som kom, men dei visste at den danske trommeslagaren Kresten Osgood skulle spela konsert på pianoet deira.

– No er me veldig spente. Kor mange kjem? sa Trå med den yngste dottera på armen.

Dei hadde sett opp vindauga, og kikka ut for å sjå om nokon kom. Litt etter klokka 15.30 kom både Osgood og gjestene. Med kaffi og nybakte bollar på kjøkkenet­ var det tilrettelagt for ein fin, men litt annleis konsert.

– Oi, så koseleg, sa Marie Rødsten Sagen då ho kom inn i stova.

– Annleis, men kult

Publikum sette seg på stolar rundt spisebordet, og nokre gjekk i sofaen som stod i ei stove innanfor. Alle saman med god sikt til Osgood og pianoet.

– Han har godkjent pianoet, fortalde Palmqvist til publikum. Dei lo litt, så sette Osgood i gang.

Dansken nytta både seg sjølv, pianoet og gjenstandar rundt pianoet til å laga lydar. Det vart framført alt frå blues og soul til rein pianospeling.

Etter rundt ein halvtime var konserten over, og gjestene fann seg bollar og kaffi før dei sette seg nett att og prata litt.

– Takk Vossa Jazz, og takk for at eg fekk koma her. Takk for at de kom, avslutta Osgood.

Det vesle, men fine publikumet klappa og gav positiv tilbakemelding til både vertskapet og musikanten.

– Dette var feitt. Heilt annleis, men veldig kult, sa publikummar Alexander Benjamin.

Nytt konsept

Dette er fyrste året Vossa Jazz arrangerer heime hjå-konsert, og med suksess.

– Veldig moro. Eg håpar det blir slik neste år òg, sa huseigar Palmqvist.

Det verka som gjestene var einige, og syntest at dette var vellukka.

– Tusen takk for at me fekk koma, takka Benjamin.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.