annonse

Is knuste togvindauge

DRAMATIKK
DRAMATIKK: På eit tog på veg til Bergen vart fem vindauge knuste av eit møte med is i Finsetunnelen sundag ettermiddag. (Foto: Karl Ystanes/arkivfoto)

Eit tog med 473 passasjerar køyrde på isklumpar i Finsetunnelen, og fem vindauge vart knuste. Ingen kom til skade.

Karl Ystanes

Klokka 1430 sundag ettermiddag køyrde eit tog på Bergensbanen inn i Finsetunnelen. Like etter vart toget treft av is inne i tunellen, og fem ytterruter vart knuste. Det var kraftige smellar og lydar, men ingen kom til skade under samanstøyten.

Trykt inn i kupeen

– Fem yttervindauge vart knuste, og i tillegg vart eit innervindauge trykt inn og det kom delar av det inn i kupeen, fortel pressevakt i NSB, Nina Hauge Schage.

– Toget var på veg frå Drammen til Bergen, og det var 473 passasjerar i toget. Ingen kom til skade då dette skjedde, men det var ein høg lyd då isen trefte toget, fortel Hauge Schage.

– Skjer sjeldan

– Passasjerane i vogna som trefte isen, vart flytta over i andre vogner, og den skadde vogna vart stengd. Deretter køyrde toget vidare. Passasjerane vart tekne hand om av personell på toget, og det var ikkje naudsynt å ta kontakt med naudetatane, fortel Hauga Schage.

Bane Nor har ansvar for tunellen, og pressevakt i selskapet, Dag Svinsås, fortel til Hordaland at det ikkje er vanleg at toga møter is på denne måten.

– Nei, det er sjeldan. Me kan ikkje seia så mykje enno, om kva som er årsaka til denne hendinga, men me har sendt opp ei arbeidsgruppe som skal studera staden der det skjedde, og freista finna ut årsaka til det, seier Svinsås.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse