annonse

Ja, eg skreiv namnet til Jimi Hendrix feil

JIMI IKKJE JIMMY
JIMI IKKJE JIMMY: Jimi Hendrix er ifylgje mange tidenes aller beste rockegitarist. Her frå ein konsert på Grøna Lund, Stockholm, 24. mai 1967. (Foto: Scanpix)

I tysdagsutgåva hadde Hordaland to artiklar på trykk, skrivne av meg etter å ha vore på to flotte konsertar – ein med Vossagospel og ein med elevane ved musikklinja ved Voss gymnas.

Karl Ystanes

Båe opplevingane var gode, og kjekke å skriva ut. Eg gledde meg til dei kom på trykk, og var brukbart nøgd med det meste av teksten i båe.

Det var i saka om sistnemnde at det fatale skjedde. Eg kom i skade for å skriva namnet til den største gitaristen i historia så langt, salige Jimi Hendrix, feil. Eg skreiv Jimmy. Jimmy Hendrix. Ulukkeskommisjonen har i ettertid kome til at det skuldast hastverk, og på morgonmøtet i redaksjonen kom det fram at dette også har hendt andre i kollegiet. Ei mager trøyst.

For det er eit aldri så lite fall å skriva nett eit slikt namn feil. Alle namn er like viktige, for all del, men feilstaving av gitarhelten over alle, avslører i tillegg hol i ålmenndanninga. Hol eg her og no freistar vera stor nok til å stå ved. Har eg vore for lite oppteken av Hendrix? Kanskje.

Ved sida av tastaturet hadde eg til nyleg ein hugselapp med fylgjande tekst: «sjekk alle namn!». Ropeteiknet skulle syna alvoret. Diverre har denne lappen hamna på avvegar i haust, på eit litt uoversiktleg skrivebord. Er det ikkje typisk?

Gjort er gjort, og det er berre å be om orsaking. Eg må turka meg sjølv opp, kasta meg på hesten att, og innsjå at eg kjem til å møta denne utfordringa heile resten av yrkeslivet, om eg vil halda fram som bladfyk. Det vil alltid vera råd å skriva namn feil, så lenge folk har dei. Dei vert heller ikkje mindre, snarare tvert imot. Dei fleste born i dag har minst to etternamn, og globaliseringa opnar for ei imponerande utveksling av flotte og frodige namn.

I ei tilstelling eg dekka i Hardanger ein gong, refererte ein som hadde ordet konsekvent, og hjartevarmt, til den store diktaren Harald O. Hauge frå Ulvik. Det skaka nok Venelaget åt diktaren. Kan eg no hamna i unåde hjå Venelaget åt Jimi Hendrix?

Håpet er at dei ser gjennom fingrane med denne blemma, som går mest ut over meg sjølv. Det sure ved å skriva namn feil, i tillegg til at det er irriterande for dei det gjeld, er at du sjølv hugsar det så godt. Glippen, feilen, slurvet gneg deg lenge. Difor har eg laga ny hugselapp, denne gongen festa med limband.

De har truleg alt gissa kva som vert nyårsforsettet mitt ...

God jol!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.