annonse

Jamnatunnelen open att

STENGD
STENGD: Jamnatunnelen på E16, like før Vaksdal på veg mot Bergen, er stengd. (Foto: Skjermdump 1881.no)

Jamnatunnelen på E16, like før Vaksdal på veg mot Bergen, er no open for fri ferdsel.

Det får me opplyst ved vegtrafikksentralen til vegvesenet.

Steinblokka er teken ned og vegen er sikra att. Dermed går trafikken som normalt.

Vegen vart stengd rundt kl 06.30 - og opna att 09.10, får me opplyst.

Vegtrafikksentralen melde torsdag morgonat ei steinblokk hang ned frå tunneltaket.

Meldinga var også at vegen kunne verta stengd i fleire timar framover.

Omkøyring via Fv 79 Hardanger, melde vegvesenet på nettsidene sine.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse