annonse

Jazzens historie i Grand Prix

TAKE FIVE
TAKE FIVE: – Intet er nytt under solen er ein kanon jazzlåt, slo Linda Eide fast. Men er den Arne Bendiksen sitt verk? Dei fleste i salen undra nok på det, etter at Sjur Hjeltnes la inn teksten til tonane frå Take Five, komponert av Dave Brubeck sin saksofonist Paul Desmond. (Foto: Eirik Ryvoll Åsheim/Vossa Jazz)

Tidenes beste jazzlåt i Grand Prix-samanheng, kan den vera skriven av Arne Bendiksen?

Rolf Tepstad

– Tja, konkluderte Linda Eide, då ho under Vossa Jazz laurdag gjorde eit djupdykk i den europeiske musikkfestivalen si historie, med jazzbriller på nasen.

Heilt utan reservasjon slo ho derimot fast at dopingfrie og uskuldsreine Noreg er den nasjonen som har juksa aller mest i Grand Prix-samanheng, faktisk slik at det vart kåra feil vinnar.

Fusk og fanteri?

Året var 1962, og songen historia dreia seg om var Dansevise, framført av det danske ekteparet Grethe og Jørgen Ingemann.

– Heilt utan tvil mellom dei flottaste bidraga til Grand Prix-historia. Også ein låt med høg jazzfaktor, slo Eide fast.

Historia var som fylgjer. Då Noreg melde sine røyster inn, vart det gjeve fire poeng til det sveitsiske bidraget og to poeng til Danmark.

Ved oppsummeringa enda det òg med knapp siger til Sveits. Men NRK hadde hatt problem med teljesystemet, røystene frå Noreg vart difor justerte, mot slutten av sendinga.

Og no vart det fire poeng til Danmark og berre eitt til Sveits.

Og vipps var Dansevise blitt vinnaren, og sidan ein radioklassikar ikkje minst her i ­Noreg. Medan Sveits sitt bidrag raskt vart gløymt.

Frå scena fekk publikum høyra smakebitar av begge, pluss ei rekkje andre kjekke ­eller spesielle bidrag, med overtydande innsats frå makker Sjur Hjeltnes og hans flygel. Og med tidvis hjelp av Sigrid Molde­stad i krevjande solistroller. Den uttalte målsetjinga var å få jazzfolket til – om ikkje å elska Melodi Grand Prix – så i alle fall hata det litt mindre.

Sterke norske jazznamn

Melodi Grand Prix går då òg for å vera det mest utskjelte fjernsynsprogrammet gjennom ­historia, ikkje minst hata av kultureliten – og jazzpolitiet.

Sett på den bakgrunn var det eit imponerande knippe jazznamn Linda Eide kunne strø ut, som deltakarar i den norske finalen opp gjennom åra.

Knippet omfatta Karin Krog, Jan Garbarek, Terje Rypdal, Jon Eberson, Sidsel Endresen og Radka Toneff! Sistnemnde til og med deltakar to år på rad, fyrste gongen åleine, siste gongen som del av ein damekvartett.

– Alle saman har dei òg vore her og halde fantastiske konsertar på Vossa Jazz, minna Linda Eide om.

Ingen frå den norske jazz­eliten nådde likevel den ­europeiske finalen. Dét gjorde derimot svenske Monica Zetterlund. Men akk, full fiasko i finalen resultatmessig: null poeng! Også hennar bidrag vart presentert for allmenta.

Bendiksen-plagiat?

Fyrste norske bidraget i den internasjonale finalen vart levert av Nora Brockstedt i 1960. Voi-voi vart også hennar signaturlåt resten av karrieren.

– Av dei beste jazzlåtane nokon­ sinne, meinte Linda Eide, som òg inviterte publikum med på allsong til klassikaren.

Men så var det Arne Bendiksen då, Mr. Grand Prix i norsk samanheng.

Ved den internasjonale finalen i 1966 song Åse Kleveland hans eviggrøne Intet er nytt under solen inn til 3.-plass.

– Suveren flott jazzlåt, som til og med går i avansert 5/4 takt. Sjølv dét fiksa Arne Bendiksen!

Men er det då same Bendiksen som har skrive tidenes jazzlåt i Grand Prix-samanheng, undra Eide, og publikum, heilt til Sjur Hjeltnes henta fram jazzpianisten Dave Brubeck sin verdsslagar Take Five.

Ikkje vanskeleg å syngja «Jeg vet om en gammel mann ...» og så vidare etter den, formidla Hjeltnes, med stor innleving.

– Plagiat? I alle fall nært opp til.

– La det swinge

Fyrste utgåva av Melodi Grand Prix fann stad i 1956, då med berre sju land involvert, kunne Linda Eide fortelja. Ingen låtar frå den har gått inn i musikkhistoria.

Dét gjorde derimot ein låt som tok 3.-plassen to år seinare, i 1958. Ikkje i originaltappinga, men då han noko i ettertid vart snappa opp av den amerikanske crooneren Dean Martin, som også gav songen ny tittel.

– Og songen, Volare, er nok òg den mest kjente jazzlåten frå Melodi Grand Prix gjennom historia. Spelt inn på plate av artistar over heile spekteret frå David Bowie til Oscar Peterson.

Og sjølvsagt, i Gamlekinoen fekk då publikum ei levande framføring av same Peterson sine fraseringar over dei svarte og kvite tangentane – servert av Sjur Hjeltnes.

Orda som best kunne oppsummera kva MGP handla om, henta Linda Eide likevel frå ­Noreg sin fyrste MGP-vinnar, frå 1985.

– Så det er berre å la det swinge – til du mister all kontroll!

Klarte så Linda Eide å få jazzpublikummet til å hata Grand Prix mindre? Tja.

Der og då heilt opplagt, men langtidseffekten er kanskje meir tvilsam ...

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.