annonse

Jesu disiplar

JESUS
JESUS: I si eiga samtid var både Jesus og Paulus radikale talspersonar for kvinners verdi og verdigheit, skriv presten. (Foto: Colourbox)

Helgetankar

Cato Torsvik,

prest

Jesu disiplar

Ein ting som alltid har imponert meg, er Jesu evne til å sjå menneske. Ikkje berre menn, men også kvinner. Jesus hadde fleire disiplar som var kvinner, og dei var likestilte med mannen. Noko som var svært uvanleg i den tida. Me høyrer ikkje så ofte om kvinnene som fylgde Jesus, men nokre gongar høyrer me om dei. Som då Jesus hang på korset, eller då dei fann graven tom, eller i sundagens tekst hjå Lukas.

I si eiga samtid var både Jesus og Paulus radikale talspersonar for kvinners verdi og verdigheit. Paulus inkluderer kvinner i gudsrikefellesskapet, utan atterhald: «Her er det ikkje jøde eller grekar, slave eller fri, mann eller kvinne. De er alle ein, i Kristus Jesus.» (Gal 3:28) Kvinnene som fylgde Jesus fekk høyra likningane og bodskapen om igjen og om igjen, og etter kvart kunne dei nok både likningane og historiene utanåt. Dei kunne dermed, saman med mennene som gjekk saman med Jesus, gå rundt i landsbyar og byar dei kom til, og forkynna om gudsriket og om Jesus til alle dei møtte. Både kvinner og menn. Og fordi dei sjølve hadde opplevd Jesu kraft, nåde og kjærleik, var det med autentiske hjarte de forkynte til dei dei møtte. På denne måten, når menneske i Galilea fekk møta meisteren, møtte dei han ikkje åleine. Nei, de møtte han med disiplane som hadde blitt deira venner.

Ein av Jesu mest kjende disiplar, var Maria frå Magdala. Betre kjend som Maria Magdalena. Ho kom frå byen Magdala, som var ein by ved Genesaretsjøen si vestbreidde, mellom Tiberias og Kapernaum. Byens greske namn var Tarchæa, som betyr «tørking og salting». Her tok ein vare på innlandshavets fisk, slik klippfiskprodusentar har foredla torsken i hundreår langs norskekysten.

Historia fortel at Maria kom frå ein god familie her, sjølv om ho nok hadde sine sår. Det var nok ikkje berre berre å bu her for henne. Vidare fortel historia at Maria også mest sannsynleg var enkje då ho trefte Jesus. Mange har også framstilt henne som prostituert, og denne versjonen blei autorisert av pave Gregor den store i 591. Dette har vore ei populær oppfatning som likevel saknar påliteleg feste i dei historiske kjeldene. Lukas omtalar henne ikkje som ei stor synderinne eller prostituert, men som besett av sju vonde ånder. Møtet med Jesus blei vendepunktet som opna henne mot livet igjen. Saman med ei rekkje andre kvinner blei ho ein namngjeven del av eit stort fylgje som drog saman med Jesus frå by til by i Galilea. Kvinners kamp i kyrkja og kvinners kamp for likestilling har pågått så lenge menneska har eksistert. Det er mange kvinner som har opplevd store sår, svikt og brot på tillit både i kyrkja og i samfunnet elles. Men for meg, når eg les denne teksten frå Lukas 8:1-3, så ser eg korleis vår Herre lyftar oss fram, mannen og kvinna, som eitt menneske.

Det betyr jo at Jesus skil ikkje på kjønn, hudfarge eller noko anna. Nei, han lyfta fram kvinnene og sette dei som disiplar i si kyrkje på jord. Sjølv om kyrkjehistoria gjev oss eit tvitydig bilete av kvinners betyding og verdigheit i kyrkja. Kvinner har gong på gong måtta kjempa for å ha ein naturleg og likeverdig plass i den kristne fellesskapen, slik Jesus gav dei.

Difor er sundagens forteljing ei viktig påminning til oss i dag, at Jesus valde både kvinner og menn til å gå ut i heile verda og gjera alle folkeslag til disiplar, i det de døyper dei til Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. For me har alle fått det samme oppdraget. Og me er alle eitt i Kristus.

Ei tru. Eitt oppdrag. Eitt folk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.