annonse

Jobbar kontinuerleg med å sende Krekar heim

:
:
:

(NPK-NTB): Norske myndigheiter vil halde fram arbeidet med å få sendt mulla Krekar ut av landet, uavhengig av om han blir dømt i Noreg eller ikkje.

  • Www.avisa-hordaland.no Administrator

Det blir halde jamlege møte mellom norske og irakiske myndigheiter, både i Oslo og i Irak, om ei eventuell heimsending av mulla Krekar.

– Seinast for fire veker sidan var det eit møte der mulla Krekar var einaste post på programmet, seier statssekretær Pål Lønseth i Justisdepartementet til NTB.

– Små steg, svarar statssekretæren på spørsmål om framdrifta i desse møta.

– Vi er i ein situasjon der irakiske myndigheiter ikkje vil avvike dødsstraff for terror, seier Lønseth.

Irakiske myndigheiter seier dei vil dømme Krekar for terror, noko som gjer ei heimsending frå norsk side umogleg.

– Vi sender ingen til galgen, seier statssekretæren.

Lønseth seier det er vanskeleg å få til ein garanti om at Krekar ikkje vil bli avretta ved heimsending.

– Det kan vere ei krevjande innanrikspolitisk øving for irakiske politikarar. Noreg kan ikkje diktere kva Irak skal gjere, eller korleis domstolen i Irak skal opptre, seier Lønseth.

– Vi kjem til å halde fram arbeidet med å sende Krekar heim, uavhengig av ein dom mot han eller ikkje, seier han. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.