annonse

Jola det året bror min vart fødd

JOL
JOL: Alle er me fødde små. Men bror min var so liten at han smatt ut nesten lydlaust, skriv Kvitanesen. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Alle er me fødde små. Men bror min var so liten at han smatt ut nesten lydlaust. Det seiest at han låg i ei skoøskja størrelse sjuogtredve det fyrste året.

Me hadde ikkje innlagt vatn den jola bror min vart fødd, men ei kjelda ute i bislaget me bada han i. Vetlajolaftan fekk han koma inn på kjøkengolvet og liggja naken i ein liten sinkbalje til alt vatnet var utover golvet. Bestemor hadde laga såpa av tarmfeitt av storeveren so me gneid han inn med til han skein som ein gyllen prins.

Han likte ikkje at eg gifta meg i ung alder og flytta til byen. Han ser nok framleis på bylivet som ein meiningslaus lagnad blant uteliggjarar og forfina fruer frå Øvre og Nedre Paradis. Då var han alt vorten tolv år, men framleis på storleik med ein middels lang vater og tunn som brakastaurane hans gamle Ivar Fryste som gjekk bort same året bror min vart fødd.

Me hadde ikkje fjernsyn i melsdagane då bror min kom til. Tom Pedersen og Johanna hadde ein radio med kattauga som me såg på. Tom smatta på pipa, stemde Norges Kommunistparti og hadde seng i stova. Me sat og fylgde med på fiskerimeldinga og det levande auga som rørde seg att og fram. Det var teikneserien vår på sekstitalet.

Me slo med stuttorv heilt innunder det året bror min vart fødd. Ein heil gjeng med pasientar frå Gamlaheimen gjekk med ljåen under skogabrynet, oppe i lia og over bekken og hogg etter turre strå. Sterke Anders i Lisebrekke og gamle var med heilt til det myrkna og lenge etter det. Me lauva heile lia, skar ned almeblad og turka det på låven til gymbrane.

Me hadde høner i jola då bror min vart fødd. Alle hadde slike kvite fuglar so ikkje flyg, men berre vaglar seg og drit i tunet. Dei gjekk fritt som høner skal gjera, vorp under busk og kratt. Då dei ikkje gjorde nytten meir etter sju-åtte år lagde mor mi frikassè med poter og gulrøter til den søtsure sausen.

Det var ingen ville dyr i skogen då bror min vart fødd. Difor jakta me mest på småfuglar, sniglar og fivreld i alle fargar som det var mykje av om somrane. No jaktar folk på alt mogleg og skogane er snart fulle av ulv og villsvin, hjort og djupe hjulspor.

Det var nesten ingen tilsette i kommunen då bror min vart fødd. Ordføraren var alltid ein mann frå Aurdal, Øydve eller Vambheim eller ein annan storgard inne i bygda som me hadde høyrt om men aldri vortne bedne inn til. Han vedtok budsjettet som Jens Reisæter hadde skrive for hand dagen før.

Me hadde postmann , men ikkje telefon i jola då bror min kom til verda. Han heitte Johan og hadde ein pikkande liten talefeil. Han visste om alt nytt som ikkje Anetta Fryste hadde fortalt dagen før. Ho kom ofte over bekken dei åra for å henta oske til jolafisken eller mold til blomsterpottene sine.

Alt var kortreist i dei dagar utanom Amerikabreva som kom i tunne konvoluttar med Air Mail på.

Alle røykte inne då bror min vart fødd, lærarane røykte på skulen, alle røykte i bilen. Berre kyrkja gjekk fri. Prestane var kristelege på dei tider, dei verken drakk eller røykte slik prestane i bygda har gjort både før og etter.

Alle var norske då bror min var fødd. Bestemor hadde vore ein tur i Bergen og onkel Bjarne eit år i Amerika. Me reiste ein tur over Haukeli til Telemark ein gong. Då måtte me gå opp beinvegen i svingane opp frå Røldal for at den Themsen ikkje skulle koka. Me gjekk meir i det heile på den tida, til skulen og opp lia til støls forbi Grautaholo og Budeigraoten.

Det var ein engelskmann som heitte Dixon inne i Røvaneset, og ein søt eim av misser utanfor Brakanes Hotel. Dei kom me aldri inntil. Me snakka berre norsk med skarre-r og ao-lyd, hadde altfor tronge bukser og fotsitt hår.

Det var ingen barnehage då bror min vart fødd. Me måtte leika med gamle folk, krokbøygde og vindskeive kvinner som fortalde eventyret om Smørbukk og pannekaka som trilla bort og som kunne spela Gnav og gissa neter. Dei turka eple på omnen og tok oss med i tytebærskogen. Me brukte rennebommen som karusell og bestefar som høgdestativ.

Det var husmorvikar den gong bror min vart fødd. Den gongen hjelpte vikaren mor med all slags arbeid i huset, ho strauk lommedukar og mammelukkar, turka støv av teakborda og trøysta dei giktsjuke.

Me gjekk i timavis rundt jolatreet på dei tider bror min vart fødd. Fyrst song me alle dei kristelege songane i salmeboka, snudde for kvart vers og me skjøna aldri kva dusti for din fot kunne vera. So måtte bestefar som hadde vore klokkar i to mannsaldrar kvila ein time før me song alle songane med innlagd gymnastikk, snudde oss rundt, trampa og la oss flate på golvet, bukka og nikka til treet som var ein levande fakkel med korger i alle fargar som me hadde laga på skulen i timane til Sigrid Tveito frå Granvin.

Slik var det i dei dagar bror min kom til.

Kvitanesen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.