annonse

Jomfruturen går 1. mai

TURLAG
TURLAG: Biletet er frå då turlaget vart skipa i februar 2018. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Jan-Egil Dyvik

Den aller fyrste turen til Vaksdal turlag, går frå Stanghelle 1. mai.

– Me må diverre prioritera dette «toget» til fjells. Det var svært vanskeleg å finna ein annan dato som passa i mai månad, seier turleiar Roger Sandvik.

Jomfruturen startar ved ballbana på Stanghelle Vest, så går ein herifrå opp på Åsen, vidare til Stutto, til postkassa under Smørstakken, forbi «fjordspennet» og ut til Fyret via Follavika, og tilbake forbi Agnavika.

Turen tek om lag 2,5 – 3 timar. Ein nydeleg tur på gode stiar i variert skogsterreng.

Passar ikkje denne dagen, så arrangerer Vaksdal turlag ein ny tur 21. mai, der Elisabeth Gjessing er turleiar, og her startar turen frå Vaksdal.

– Det er ein noko krevjande, men nydeleg tur med spektakulær utsikt heilt ut i havet. Oppmøte ved gravplassen på Tveitane. Her ifrå fylgjer ein den gamle ferdselsvegen opp på Såto, og fylgjer ryggen vidare opp på Grånipa (806 moh.). Retur til Tveitane via Tjødnhaugen. Turen går i ganske bratt terreng, men det er fine stiar å fylgja. Begge turane er opne for alle, anten ein er medlem eller ikkje, heiter det.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.