annonse

Jublar for fyrste NM-tittel

FYRSTE TITTEL
FYRSTE TITTEL: Martin Femsteinevik vann sitt fyrste senior-NM fredag. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL vann sitt fyrste senior-NM på Voss i dag.

Ørjan Brattetveit

Skiskyttarane kjempar om NM-titlar på normaldistansen i Voss Ski- og tursenter i dag. Over 500 deltakarar er med i klassane 17 år, 18, 19, 20/21 og senior.

– Eg er i knallform, så det gjekk bra i sporet, men eg skaut for dårleg. Men eg er godt nøgd med å ta mitt fyrste gull i senior-NM, seier Martin Femsteinevik til Hordaland.

Han hadde skyteserien 0+2+0+1.

– Eg hadde ikkje trudd eg skulle vinna etter andre skytinga.

Han vann framfor veteranen Alexander Os (38). Bronsemedaljen gjekk til Erling Aalvik, Kvam.

Heimehåpet Thomas Fenne leverte bra skyting med serien 0-0-0-1. Og han gjekk i mål på 5. plass.

I kvinneklassen var Hilde Fenne, Voss SSL storfavoritt. Men ho bomma for mykje. Og med totalt seks tilleggsminutt var ho over tre minutt bak vinnar Lene Berg Ådlandsvik, Sørkogbygda IL.

Ingen vossingar tok medaljar i løpet av NM-dagen.

Her er gullvinnarane i dei resterande klassane: 

Menn 20/21: Aleksander Fjeld Andersen, Geilo

Kvinner 19: Sigrid Flo Bødal, Stårheim

Kvinner 18: Anne B. De Besche, Try 

Kvinner 17:  Maren Bakken, Os IL

Menn 18:  Mats Øverby, Lier IL

Menn 17: Peder F. Solheim, Svene IL

Kvinner 20/21: Mari Wetterhus, Svene IL.

Utøvarane i menn 19 år stilte til start, men konkurransen vart avlyst pga tekniske problem. Denne klassen vil gå NM i morgon, medan dei andre klassane går noregscup. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.