annonse

Junior-Une kom til senior-semifinalen

BLINKFESTIVALEN
BLINKFESTIVALEN: Une Kvelvane er junior, men har alt byrja å hevda seg i seniorklassen. (Foto: Tore Nyborg)

Det er ikkje kvar dag juniorløparar slår ut gode seniorar i skiskyting. Laurdag gjorde Une Kvelvane nettopp dette.

Siri Flatlandsmo

Fredag vann Kvelvane kvalifiseringa i sin klasse, K20-21. Då fekk ho gå kvalifisering saman med seniorane òg.

I denne klassen nådde ho lengst av vossingane.

Kom vidare på wild card

Korkje Kvelvane eller Hilde Fenne hadde eigentleg gode nok plasseringar i kvalifiseringa til å koma vidare til kvartfinalen. Men dei fekk begge vera med likevel.

I kvartfinalen laurdag ettermiddag gjekk Kvelvane inn på ein 7. plass i heatet sitt, 3,7 sekund bak gruppevinnar, svenske Olga Alifiravets.

Fenne gjekk i eit anna heat, og kom i mål til ein 8. plass, ikkje mange sekund bak Kvelvane i tid. Men Fenne kom ikkje vidare til semifinalen.

Eit kvart minutt bak vinnar

Det gjorde Kvelvane. I semifinalen gjekk ho i mål til ein 10. plass i sitt heat. Då hamna ho 25,8 sekund vak heatvinnar Marte Olsbu. 

Olsbu vann til slutt finalen framføre svenske Hanna Öberg og franske Marie Dorin-Habert.

I tillegg vann Kvelvane finalen i sin klasse suverent.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.