annonse

– K5-oppstarten skyvd bakover att til 2024

2024
2024: Samferdselsstatsråd Ketil Solvik-Olsen synest ha landa på 2024 som oppstartsår for ny veg og bane frå Arna mot Voss. (Foto: Karl Ystanes/Arkiv)
IKKJE GODTAKANDE
IKKJE GODTAKANDE: – No trengst det innsats, og Sp vil som før kjempa for 2021 som oppstartsår for K5, seier Nils T. Bjørke. (Foto: Scanpix/Heiko Junge/Arkiv)

– Alt som vart sagt i valkampen synest gløymt. Samferdselsministeren er no attende på 2024 som oppstartsår for K5.

Rolf Tepstad

Slik konkluderer Nils T. Bjørke (Sp), etter å ha høyrt statsråd Ketil Solvik-Olsen si utgreiing i Stortinget tysdag.

Ministeren var kalla til Stortinget på bakgrunn av Jern­banedirektoratet sitt innspel til Nasjonal Transportplan sitt handlingsprogram.

– Direktoratet skisserte der 2024 som året då utbygginga av dobbeltspor mellom Arna og Stanghelle skal starta, og Solvik-Olsen slutta seg i praksis til dette, seier Bjørke.

Seinka av Bybanen?

– Ein heilt annan Solvik-Olsen enn han som i valkampen i fjor lova oppstart i 2021, konstaterer Nils T. Bjørke overfor Horda­land.

– At han no brukar Bybanen i Bergen som grunngjeving, var elles ein ny vri. Samanhengen var at Bybanen no forseinkar arbeidet med dobbeltsporet gjennom Ulriken, og dette vart i neste omgang brukt som grunngjeving for at arbeidet med ny veg og bane frå Arna mot Stanghelle ikkje kan startast før i 2024.

– Kva kan Sp gjera for å framskunda oppstarten?

– Me vil vurdera å ta opp saka direkte i Stortinget, men då lyt me fyrst sondera med andre parti og sjå om det kan vera råd å få til eit fleirtal. Elles vil me heilt sikkert ta saka opp gjennom statsbudsjettet, for uansett er det gjennom dei årlege statsbudsjetta at midlane til K5 lyt skaffast fram, seier Nils T. Bjørke.

– Planleggingsmidlar

Terje Breivik (V), vår andre stortingsrepresentant frå indre strøk, opplyser at han ikkje var fysisk til stades under møtet tysdag der Solvik-Olsen møtte Stortinget.

– Men eg har lese heile innlegget hans, og ser ikkje at han der seier noko særskilt om oppstartstidspunkt for K5. Men temaet kan ha kome opp gjennom eit spørsmål til statsråden, og desse er det ikkje laga referat frå enno, seier Breivik.

– Uansett: som lokal representant kjem eg til å kjempa for K5 med nebb og klør, og ikkje minst for at oppstartstidspunktet skal verta så tidleg som praktisk mogleg. Avgjerande i den samanhengen er det nok heller ikkje kva som vart sagt i Stortinget tysdag, for kampen vil stå i dei årlege statsbudsjetta framover. I fyrste omgang vil det då gjelda å få tilstrekkeleg med midlar inn til planlegging, slik at ikkje dét skal bli ein flaske­hals når midlane til bygging eventuelt er på plass, seier Terje Breivik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.