annonse

K5 utanom Vaksdal sentrum framleis aktuelt

UTANOM
UTANOM: Bilvegen kan komma til å gå utanom Vaksdal, via Tolåsen, slik skissa viser. (Foto: Statens vegvesen/Illustrasjon)

No vert planprogrammet for K5 gjennom Vaksdal snart lagt ut på høyring, og alternativet med bilvegen utanfor sentrum, skal vera med.

Jan-Egil Dyvik

Det fortel ein tydeleg nøgd ordførar i Vaksdal, Eirik Haga, som denne veka var til Oslo hjå Kommunal- og moderniserings­departementet, for å fremja den saka.

– No er det alternativet inne, og det er me svært godt nøgde med, sjølvsagt. No appellerer me til alle gode krefter om å satsa på dette alternativet. På same måten som kommunestyret har gjort, understrekar Haga.

Prosjektet skal gjennomførast som ein statleg plan. Det vil seia at ein går rett frå konsekvensutgreiing til reguleringsplan for området.

– Det har vore utfordrande for oss det, men me ser at det er rett med ein statleg plan, og det er god dialog mellom kommunen og prosjektleiinga, seier Haga.

Han meiner likevel at konsekvensane med å lata jernbanen og vegen gå parallelt gjennom Vaksdal, har vore for lite greidde ut.

– Det må også vera rett å få alternativet med ein veg utanom, over Tolåsen, inn i planane. Noko anna vil no heller ikkje verta forstått av folket som bur her, understrekar han.

Planprogrammet for K5-prosjektet, kjem vel snart på høyring?

– Ja, me ventar på klarsignal frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å få lagt det ut. Me har tru på at det skjer i løpet av 1–2 veker. Då vert det folkemøte i Arna, på Trengereid, Vaksdal og Stanghelle i løpet av mai, seier leiar for K5-prosjektet, Gunnar Søderholm, i ein kommentar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.