annonse

Katten Ponduline trekte flest lesarar på nett i fjor

MISHANDLA
MISHANDLA: Katten Ponduline var hardt medfaren etter å ha vorte kasta ut av ein bil i fart. (Foto: Privat)

2017 baud på eit breitt spekter av ulike hendingar i vårt distrikt.

Ingvild Siglen Berger

Her er dei ti mest lesne artiklane frå Hordaland si nettside gjennom fjoråret. Trykk på titlane for å lesa sakene. 

1. Katt vart kidnappa og kasta ut av bil i 80 km/t

Katten Ponduline fekk hard medfart i slutten av januar, og måtte amputera foten etter å ha blitt slengt ut av ein bil i fart på E16 i Vaksdal. Politiet fann aldri gjerningspersonen.

2. Mia og Håvard fekk ikkje vera med på SFO-tur til Bergen

Medan resten av SFO-gruppa reiste på hyggjetur til Bergen, måtte fem elevar med særlege behov vera att på Voss. Mia Haukås og Håvard Gunnlaugsson var to av dei. Etter at saka vart kjend i mars, vedgjekk Voss kommune at elevane vart diskriminerte og ordføraren bad om orsaking for skandalen.

3. Steinar Nedkvitne (1962–2017)

Minneorda etter NRK-journalisten Steinar Nedkvitne vart den tredje mest leste saka på nettsida i fjor. «Steinar Nedkvitne var ein livsglad person som skulle hatt mange gode år framføre seg», skreiv Hordaland-redaktør Geir Geitle i mars.

4. 59-åring omkom i fallulukke på Voss

Alle naudetatar rykte ut til Grauo i slutten av november, etter at ein 59 år gammal mann hadde falle ned i eit steinbrot. Det var Knut Helge Helland Graue som omkom i den tragiske ulukka.

5. – Eg tenkte «no går det til helvete»

RAS
RAS: Dette treet ramla ned på bilen til Tarjei Sandal i mars. Foto: Sigrid Seim

Med ein god dose flaks slapp Tarjei Sandal frå Suldal unna med eit lite skrubbsår då eit svært tre trefte bilen hans mellom Kvanndal og Granvin i slutten av mars. – Eg tenkte at «no går det til helvete». Det er jo det ein tenkjer når ein ser noko slikt, uttalte han. Sjå video!

6. Far (97) mista førarkortet då son (63) øvelseskøyrde med promille

I juni kom den noko spesielle meldinga frå politiet på Voss, om at ein 97-åring mista førarkortet då sonen på 63 år øvelseskøyrde med promille i blodet. Saka vart omtala nasjonalt.

7. Slik var skibygda Voss på 80-talet

I januar publiserte Hordaland ein reklamefilm laga av Ole Fretheim i 1987, som synte eit glansbilete av skibygda Voss for akkurat 30 år sidan. Skiballett på Slettafjellet, neongule dressar og glade slalåmturistar utan hjelm trekte mange lesarar/sjåarar. Sjå den legendariske videoen her!

8. Mann mista livet etter motorsykkelulukke på E16

I slutten av mai 2017 mista ein 50 år gammal mann frå Bergen livet i ei motorsykkelulukke på E16 ved Geitle. Det var ingen andre køyretøy involvert i ulukka, som skjedde berre fem dagar etter at ein 78 år gammal mann mista livet i ein frontkollisjon på E16 ved Bolstadøyri. Ei 77 år gammal kvinne vart alvorleg skadd.

9. Han var ein svært god soldat

Hågen Skattum omkom etter ei sprengingsulukke i Mauken ved Skjold i slutten av oktober.

TRAGISK ULUKKE
TRAGISK ULUKKE: Hågen Skattum (21) omkom etter ei ulukke i Forsvaret. Foto: Forsvaret

– Dette er ei tragisk hending. Våre tankar går til dei pårørande og hans medsoldatar i ingeniørbataljonen på Skjold, sa generalmajor og hærsjef Odin Johannessen etter ulukka som kosta den unge vossingen livet.

10. Nytt liv i Rongahuset

I januar vart det klart at Bridget Penny skulle ta over Rongahuset på Evanger etter Mona Nordaas. – Eg ynskjer at huset skal opplevast som ope. Det vert nok mogleg for dei som ynskjer det å koma inn og tenna lys, og minnast Mona på ulike måtar, sa Penny til Hordaland.

Mest sette videoar

Her kan du òg sjå dei fem mest sette videoane frå Hordaland i fjor.

1. Farleg køyring på E16

2. – Glad for at eg er i live 

3. Stolheis på luftetur

4. Bodill (86) fekk garasjen sprengt i Sivlevegen

5. Slik må du køyra på Vangen no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.