annonse

Kjartan Rødland tek feil om Ulrikstunellen

ORDET FRITT
ORDET FRITT: – Det er heilt ufatteleg at det skal ta sju år å fiksa opp eksisterande løp og Fløen-Bergen. Igjen ei økonomisk prioritering, skriv Vidar Skeie. (Foto: Jan-Egil Dyvik / Arkiv)

Kjartan Rødland tek feil om Ulrikstunellen. Den står ikkje ferdig om tre-fire år, men i 2024.

Gjennomslaget kom i fjor, og det er heilt ufatteleg at det skal ta sju år å fiksa opp eksisterande løp og Fløen-Bergen. Igjen ei økonomisk prioritering.

Kjartan Rødland burde elles tatt seg ein tur til Austlandet og sjå kva som har kome der, men òg kva som har kome her på Voss med Vossapakko. Tidlegare har ikkje det vore satsa på jernbane, men no tenkjer planleggjarane areal og transport i samanheng. Planane for Vossebana er unike i så måte, ettersom det frå Bergen sentrum til Voss vil vera 32 minuttars reisetid med tog, og 70 for bil. På Austlandet skal Lillehammer, Skien og Halden få jernbane med dobbelt spor ved sida av firefeltsveg, og det heng ikkje på greip at dei skal vera prioritert før oss.

Elles er me i ein historisk bra situasjon til å investera i samferdsel, og det vert gjort, berre ikkje her. Handlingsregelen på fire prosent vert ikkje ein gong oppfylt, og dei neste ti åra er avgjerande. For om ti år er Kjartan Rødland nitti år, og mange med han. Velferdsstaten vert slukt av eldrebylgja. K5 må byggjast!

Vidar Skeie, leiar Voss Sp

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.