annonse

– Kjekt å lesa om nye som kjem til Modalen

NYE TIL MODALEN
NYE TIL MODALEN: Håvard Engeseth frå Solrenningslista fryder seg over nye innbyggjarar i Modalen kommune. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

– Eg likte godt å lesa i lokalavisa om paret som nyleg flytta frå Eksingedalen til Modalen, sa Håvard Engeseth på kommunestyremøtet torsdag.

Jan-Egil Dyvik

Han sikta då til at Brita og Aage Lavik, av ulike grunnar, ifylgje Vaksdalposten, såg seg nøydde til å flytta frå Vaksdal til Modalen kommune.

– Det var kjekt å lesa om kor godt dei vart mottekne i kommunen og at dei kjende seg velkomne, sa Engeseth, som representerer Solrenningslista i kommunestyret.

I ein kommentar etter møtet legg han til at det er den fine mottakinga frå kommunen, han er glad for.

– Bakgrunnen med at dei ut frå det dei opplever som manglande omsorgstilbod i kommunen dei flytta frå, er sjølvsagt ikkje noko kjekt å lesa om. Det er heller ei vond oppleving for dei, understrekar Engeseth.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.