annonse

Kjæledyrfôr bli kalla tilbake – kan gje helseproblem

HUND
HUND: Felleskjøpet Agri kallar tilbake fleire typar kjæledyrfôr, fordi fôret inneheld for mykje magnesium. Biletet er berre nytta til illustrasjon, og er ikkje knytt til saka. (Foto: Siri Flatlandsmo/Arkiv)

Felleskjøpet Agri kallar tilbake fleire typar kjæledyrfôr. Fôret inneheld for mykje magnesium. Det kan føra til at hundar og kattar blir sløve og får diaré.

  • NPK-NTB

Tilbakekallinga gjeld variantar av fôrmerka Appetitt, Matmons og Labb, opplyser Felleskjøpet Agri, som har lagt ut ei fullstendig liste over ramma produkt på sine nettsider.

Folk som har kjøpt fôret, blir rådde til å kutta fôringa straks og levera det tilbake til butikken.

Produksjonsfeilen går ut på at dyrematen har fått for store mengder magnesium.

Kan gje helseproblem

– Nivået overskrid ikkje norsk lovverk og er ikkje til fare for dyr sine liv, men det kan gje helseproblem ved langvarig fôring, skriv Felleskjøpet Agri.

Hundar og kattar som et fôret, kan få akutt diaré.

– Dyra kan også bli slappe og sløve. Reaksjonar som kan oppstå etter lang tids bruk, er laus avføring over tid og belastning på nyrer og urinvegar med større fare for urinstein, spesielt hjå katt, opplyser Felleskjøpet Agri.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.