annonse

Kjempar for genbanken i Hardanger

GENBANK
GENBANK: Utan ein genbank vil sjansane for å ta vare på ei rekkje av bestandane av laks og sjøaure i vassdraga i Hardanger verta borte for all framtid, meiner Hardangerrådet. (Foto: Karl Ystanes)

No må Stortinget ta grep og endra vedtaket om avvikling av prosjektet, krev Hardangerrådet.

Sigrid Seim

Den planlagde genbanken for Hardangerfjorden må på plass og innsamlingsarbeidet vidareførast alt hausten 2017. Stortinget må ta grep og endra vedtaket om avvikling av genbankprosjektet, i samband med revidert nasjonalbudsjett, krev Hardangerrådet i ein uttale.

Utan ein genbank vil sjansane for å ta vare på ei rekkje av bestandane av laks og sjøaure i vassdraga i Hardanger verta borte for all framtid. Stoda for bestandane har slett ikkje betra seg etter at det i 2013 vart vedteke å etablera ein eigen genbank for å sikra villfisken.

Seinare arbeid med å samla inn stamfisk viser urovekkjande stor innblanding av genar frå oppdrettsfisk, viser Hardangerrådet til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.