annonse

Kjempar vidare for legekontor

TRENG HELSESTASJONEN
TRENG HELSESTASJONEN: Kari Sundberg har kort veg til helsestasjonen med vesle Mikkel, og vil absolutt ikkje mista det gode tilbodet. (Foto: Sigrid Seim)
Helsetenester i Granvin

Både eldre og yngre ber om at Granvin får halda fram med eige legekontor og helsestasjon også etter samanslåinga med Voss i 2020.

Sigrid Seim

Granvin helselag er ikkje nøgd med svaret dei har fått etter at dei tidlegare i år stilte konkrete spørsmål til ordførar og forhandlingsutval. Kva vil skje med legetenesta og helsestasjonen i Granvin? Svaret var nemleg at det er vanskeleg å koma med konkrete svar, fordi tenestene i den nye kommunen er under utforming. Arbeidsgruppa som ser på helsetilboda er ikkje ferdig med sitt arbeid.

Helselaget kan ikkje slå seg til ro med at Granvin lege­kontor skal leggjast ned, slik intensjonsavtalen om samanslåing med Voss legg opp til. Truleg vil også helsestasjonen fylgja med. Vedtaket om nedlegging er gjort altfor tidleg, og er altfor passivt, skriv helselaget no til dei involverte ordførarane, til kommune­plankoordinatoren og til den overordna prosjektgruppa for helse og omsorg. I det minste burde det visast til konkrete planar for kva bygda Granvin i tilfelle får i staden.

Betre tenester

Styret i helselaget minner om at intensjonen med kommunereforma er at innbyggjarane skal få betre tenester. Eitt av hovudmåla i intensjonsavtalen mellom Granvin og Voss er elles at dei viktigaste velferdstenestene skal leverast der innbyggjarane bur. Laget peikar på den samfunnsøkonomiske sida ved saka.

Det er langt frå Tjoflot og Lussand til Voss sentrum, og det vil kosta mindre om ein lege kjem frå Voss og nyttar lokala i Granvin, enn at brukarane skal møta fram på Voss. Og om stadig fleire eldre skal bu heime, får dei ikkje mindre bruk for helsetenester for det.

Signal frå dei unge

Også dei unge signaliserer at dei treng gode helsetenester ­lokalt, meiner helselaget. Dei har ­merka seg at ungdomsråda som møttest i Granvin nyleg ynskte seg betre tenester frå helsestasjonane, lågterskeltilbod for ungdom og betra seksualundervisning. Også småbarnsforeldre er viktige i denne situasjonen, og må verta høyrde om kva dei ynskjer av lokale helsetilbod i Granvin, uttalar helselaget.

For småbarnsmor Kari Sundberg er det ikkje noko tvil om kva ho ynskjer:

– Eg er veldig for å behalda helsestasjonen som no! Det er så mykje som ein er usikker på, når ein har eit lite spedbarn. Det er ein stor fordel for oss å ha tilbodet i Granvin. Me har ei fantastisk flink helsesyster no, eg ynskjer ikkje å mista henne.

Tilbodet frå helsestasjonen gjeld ikkje berre dei fastlagde kontrollane og heimebesøk, men også sjansen til å stikka innom viss ein lurer på noko, seier Kari Sundberg. Småbarnsforeldra har også ei eiga barselgruppe, som organiserer sine eigne treff. Gruppa har hatt tema­møte om fyrstehjelp mellom anna.

Fleire småungar

Granvin har opplevd at fødselstala har auka i det siste. Dei to førre åra er det fødd 16 kvart år, og så langt dette året ligg det an til 13 førebels, kan Kari Sundberg opplysa.

– Tilbodet om helsestasjon har vore diskutert i barselgruppa, så dei fleste veit kva som er planlagt. Det er stort engasjement for saka, seier ho.

Kari Sundberg minner om at helsestasjonen er viktig også for ungdomane i Granvin, ikkje berre for småbarna.

Eldrerådet og pensjonistlaget i Granvin har tidlegare vore ­tydelege på at dei ikkje er nøgde med intensjonsavtalen mellom Voss og Granvin, når det gjeld helsetenester.

Olaug Eide, skrivar i styret for Granvin og Ulvik pensjonistlag, synest det er vanskeleg å forstå at det å leggja ned legekontoret var noko av det fyrste som vart bestemt, – gjennom intensjonsavtalen.

– Me kan ikkje godta det. Avtalen er heilt feil. Våre folkevalde har eit stort ansvar, for legg dei ned legekontoret, kjem det truleg aldri att. Lokala vert tekne til andre føremål, og då er det tungt og kostbart å byggja opp att desse tenestene. Eg synest det trengst litt opprør her!

Eide er oppteken av å ha dei viktigaste tenestene lokalt. Det må ikkje berre vera fine ord på papiret, men visast i handling, understrekar ho.

For lite kjent?

No har helselaget utspelet, men full støtte frå pensjonistlaget. Det har vore altfor lite kjent kva som kan koma til å skje, mange har ikkje sett at ei nedlegging av legekontoret er konsekvensen, synest Olaug Eide.

Leiar i eldrerådet i Granvin Gunnar Lussand håpar at politikarane kan snu i denne saka, slik at legekontoret i Granvin kan haldast i gang slik som no, med eit tilbod to-tre dagar i veka. Han stiller seg fullt og heilt bak freistnaden på å gjera om på punktet som handlar om lege­tenester i Granvin i framtida.

ELDRERÅDET
ELDRERÅDET: – Det er inga skam å snu, meiner Gunnar Lussand i Granvin eldreråd. Hans kjempar for legekontoret i Granvin, som har lokale i bygget i bakgrunnen. Foto: Sigrid Seim

– Eg håpar at fleire innser at det var forhasta å stilla seg bak ei slik nedlegging. Ein intensjonsavtale er ein avtale som inneber at ein går vidare med forhandlingar. Det er inga skam å snu, men det må gjerast i tide, understrekar Lussand.

Skal Granvin stå fram som ei trivselsbygd, er fyrste punkt at folk må kjenna seg trygge. Granvin har mista tannhelsetilbodet, og ambulansestasjonen. Om no helsestasjon og lege også vert borte, kor trygge kjenner folk seg då, spør han.

Går ut over dei eldre

– Det er ille at dei eldre skal betala prisen, meiner leiaren i eldrerådet. Han opplever at stadig fleire tek kontakt om det som er planlagt.

– «Skal det verta endå meir bal med meg no då,» sa ein av dei som jamleg må til lege, men som ikkje kan koma seg til Voss på eiga hand.

Lussand håpar at heile bygda vil stå opp for kravet om legekontor og helsestasjon som no, i Granvin.

Somme meiner det er kort veg frå Granvin til Voss no, har Lussand registrert. Men det er ikkje kort veg, frå utkantane i den nye kommunen, som Tjoflot, Kvanndal og Lussand, understrekar han.

– Eg synest ikkje noko om det som skjer. Me må få heile bygda opp og kjempa!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.