Kjenningane stakk av med sigeren
ULVIK: Øyvind Heiberg Sundby og May Britt Buer viste nok ein gong kven som er sjefane av Kvasshovden.
I steikande sol og opp mot 28 grader kom motbakkeløparane springande oppover fjellsida. Laurdag vart Kvasshovden Opp arrangert for 7.gong, og det var kongen og dronninga av motbakkeløp som stakk av med fyrsteplassane.
Øyvind Heiberg Sundby sprang i mål på 48.24. Dette gav han ein suveren siger, men det haldt ikkje til å slå sin eigen løyperekord frå 2009. Den er på 47.45.
May Britt Buer gjekk i tet frå starten av, men ved Gunnarsete fekk ho ei luke og eit endå større forsprang. Buer kom i mål på 55.35.
- Dette er min personlege rekord, og det er kjempekjekt! Eg var redd for å gå på ein smell på grunn av varmen så difor tok eg det litt roleg i starten. Men eg såg etter kvart at eg kunne ha gitt litt meir i byrjinga og difor hatt moglegheita til å ta løyperekorden. Neste år, lovar Buer og gliser.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.