annonse

Klart fleirtal for produksjonsskule

SKULEN PÅ HJELTNES
SKULEN PÅ HJELTNES: Eit klart fleirtal i fylkesutvalet gjekk sist veke inn for produksjonsskule på Hjeltnes. (Foto: Arkiv)

Ti av dei femten medlemene i fylkesutvalet gjekk sist veke inn for produksjonsskule på Hjeltnes.

Sigrid Seim

Då fylkesutvalet hadde møte på Voss sist veke, vart planane for ein produksjonsskule på Hjeltnes klarert for den avgjerande handsaminga i fylkestinget.

Som i opplæringsutvalet, var det også i fylkesutvalet eit fleirtal for å etablera eit slikt tilbod på Hjeltnes i Ulvik. Berre Frp og Høgre røysta for eit anna framlegg.

Dei meiner Hjeltnes ikkje er rette staden for eit slikt tilbod, og ynskjer i staden at fylkeskommunen sine eigedommar i Ulvik vert lagt ut for sal.

Bak denne tilrådinga står Venstre, MDG, SV, Senterpartiet, KrF, og Arbeiderpartiet. Dei legg opp til at tilbodet til ungdom som fell utanom skule og arbeidsliv kan koma i gang frå i haust.

Det føreset eit årleg statleg tilskot på ni millionar kroner, og ei styrking av opplæringsavdelinga og eigedomsavdelinga sine budsjett med i alt 5,8 millionar kroner frå neste år.

Fylkestinget bør også bla opp med 18,2 millionar kroner til investeringar i eigedommane på Hjeltnes som skal brukast til dette tilbodet, går det fram av tilrådinga.

Saka skal avgjerast i fylkestinget 6.–7. mars. Før den tid skal fylkesrådmannen si risikovurdering knytt til saka også vera klar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.