annonse

Klart for ny eldrefest

FESTLEG
FESTLEG: Her eit glimt frå ein tidlegare eldrefest, der Jørn Skjerven fortel muntre sannsoger ved bordet. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Måndag 2. oktober vert det atter eldrefest på Voss, i år for sjette gong.

Rolf Tepstad

– Og som alle dei føregåande åra er samlinga på Park Hotel Vossevangen, seier Brita Sanden, leiar i eldrerådet på Voss.

Eldrerådet er også tilskipar, og dessutan sponsor for eldredagen. Kvar av billettane er sponsa med ein hundrings, får Hordaland vita.

Snorklipping fyrst

Sjølve eldrefesten skjer etter fast innarbeidd mønster, med talar, underhaldning, musikalske innslag og ei avsluttande matøkt. Tre rettars middag: oksekjaker, karamellpudding – og kaffi.

– Men starten på dagen vert likevel heilt ny av året. For der startar me klokka 12, nede ved Vangsvatnet, der den nye amfien no er så godt som klar. Dette tenkjer me skal bli den nye samlingsplassen for seniorar på Voss, ein stad for den gode samtale og elles for aktivitetar av ulikt slag. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb skal klippa snora og føreta den offisielle opninga, og så håpar eg så mange som mogleg stiller og tek del i seremonien, seier Sanden.

Ho understrekar likevel at ingen skal kjenna noko plikt om å delta her på oppvarminga. Folk er like så velkomne til eldrefesten enn om dei ikkje tek del ved Vangsvatnet, seier ho.

– Plass til alle

Etter opningshøgtida, vandrar dei frammøtte så i samla tropp til Park, der eldrefesten også i år er lagd til Vossasalen.

– Og der er det plass til alle som stiller, understrekar Iril Schau Johansen, medlem av eldrerådet på Voss.

– Me har hatt aukande deltaking år for år, frå ca. 70 for seks år sidan til rundt 150 i fjor. Tilskipinga er difor flytta frå gamle festsalen, der me var fyrste åra, til Vossasalen no dei siste åra. Og der er det rikeleg med plass. Folk treng difor ikkje kjøpa billett på førehand. Dét får ein kjøpt i døra. Og Park har lova at uansett kor mange som kjem, så skal dei fiksa plass til alle!

Song og musikk

Ordførar Ringkjøb skal òg føreta den formelle opninga av eldrefesten.

Per Helleve vert kjømeister også dette året, og skal i tillegg halda talen for dagen. Musikalske bidrag vil koma frå Ranveig Djønne, Magnus Kløften, Ingrid Langen Fjose og Voss Gutekor.

Elles vil Brynjulv Prestegard som vanleg vera stasjonert bak pianoet, og sjølv lovar Iril å bidra med lystige tonar frå si tussefløyte. Begge delar faste innslag på alle dei føregåande eldrefestane på Voss.

– Så her er det berre å gle seg, og å kryssa av dagen av kalenderen!

Eldrefesten skjer som markering av den internasjonale eldredagen 1. oktober. Men sidan denne i år fell på ein sundag, vert markeringa flytta ein dag fram, til måndag 2. oktober.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse