annonse

Klart for veterantreff på Mo

TIL KAI
TIL KAI: Her legg «Oster» til kai i Modalen. (Foto: Arkiv)

Sundag er det på ny klart for veterantreff på Mo, både på sjø og land.

Jan-Egil Dyvik

Kommunen inviterer til ettermiddagstreff der veteranbussen frå Modalen-Eksingedalen-Billag kjem.

Veteranbussklubben til BNR kjem også med fire av sine bussar frå «gamle dagar».

«Oster» legg til kai på Mo, det vert trekkspelmusikk og mat og drikke både om bord og på Mobryggja, går det fram av invitasjonen frå kommunen.

Dei som ynskjer kan få guida veteranbusstur i Modalen, eller vera med «Oster» til Vikanes og verta bussa tilbake til Mo etterpå.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.