annonse

– Kom med innspel om hytter, bustader og næringsareal no

AREAL TIL HYTTER
AREAL TIL HYTTER: No er tida inne for å koma med innspel til kommuneplanen for dei som har planar om byggjeaktivitet. Her frå hyttefeltet på Kvitno på Bordalen, med Vangen i bakgrunnen. (Foto: Privat)
VIL HA INNSPEL
VIL HAN INNSPEL: Reidar Meel, kommuneplankoordinator. (Foto: Rolf Tepstad)

Arbeidet med kommuneplanen for Voss herad 2020–2031 er godt i gang, melder kommuneplankoordinator Reidar Meel.

Geir Geitle

– Me har ope for innspel til kommuneplanen fram til 6. april. No kjem det nesten daglege innspel til arealdelen – frå folk som har ynskje om tiltak av ulike slag, opplyser Meel.

Arealdelen omfattar mellom anna ynskje om å nytta areal til bustader, hytter eller næringsføremål.

– No nærmar fristen seg – og eg vil difor oppmoda innbyggjarane på Voss, i Granvin og på Oksenhalvøya – den delen som vert del av Voss herad – å koma med innspel innan fristen, seier Meel.

Eige skjema

Til arealdelen skal folk nytta eit eige skjema og dei må leggja ved kart som viser arealet som ein ynskjer å disponera til det aktuelle føremålet. Informasjon om rutinar ved innsending, og skjema som skal brukast, finn alle på www.nyevoss.no, under menyvalet «kommuneplan».

Ein kan også få tilgang til informasjonen via Voss kommune si heimeside og Granvin herad si heimeside. Når innspela er komne inn vil ei arbeidsgruppe vurdera desse. Men alt er ikkje klart før den nye kommuneplanen vert endeleg godkjent av Voss heradsstyre i 2020.

Kommuneplanen sin arealdel

Heradet skal ha ein arealplan for heile Voss herad, som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Arealdelen skal syna hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk.

Den skal også syna kva viktige omsyn som må varetakast ved disponering av areala.

Samfunnsdelen i kommuneplanen

Samfunnsdelen til kommuneplanen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og heradet som organisasjon. Den skal innehalda ei skildring og vurdering av alternative strategiar for utviklinga i heradet.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vera grunnlag for sektorane sine planar og verksemd i heradet.

Samfunnsdelen skal innehalda eit handlingsprogram. Handlingsprogrammet skal visa kva tiltak som er sette i verk for å gjennomføra kommuneplanen sin samfunnsdel dei fire neste åra. Handlingsprogrammet kan koplast mot økonomiplanen (4 år) og årsbudsjettet, slik at det vert sett økonomiske ressursar bak samfunnsdelen, opplyser Reidar Meel.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.