annonse

– Kommunen kan leiga ut til kven dei vil

UTLEIGE
UTLEIGE: Kommunen kan leiga ut Sveabrekko til kven dei vil, går det fram av ei vurdering frå advokatfirmaet Kluge. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Status for dei kommunale bustadene i Sveabrekko er at kommunen kan leiga dei ut til kven dei vil.

Jan-Egil Dyvik

Det kjem fram i ei sak som levekårsutvalet skal ha opp komande måndag.

Det har fleire gonger vore spurd etter kva status desse bustadane har i levekårsutvalet.

Saka var seinaste omtala i februarmøtet til utvalet, der det vart opplyst at rådmannen har tinga ei juridisk vurdering.

Juridisk vurdering

Spørsmåla som har vore stilte er kva type utleigebustader dette er og kva kriterium som vert lagde til grunn for å få tildelt bustad der.

I den juridiske vurderinga, som advokatkontoret Kluge står for, kjem det fram at låna som i si tid vart tekne opp i Husbanken, ikkje avgrensar kommunen si moglegheit til å leiga bustadane ut som dei vil.

Fondsmidlar

Midlane i prosjektet frå helselaget og fondet etter Nils og anna Øyo, vil mest sannsynleg ikkje lenger setja grenser for kven kommunen kan leiga ut til, heiter det.

Svaret som advokat Anders E.P. Johansen i Kluge har gjeve i saka, samsvarer også med tidlegare svar frå Husbanken og kommuneadvokaten, går det fram av saksutgreiinga.

Kluge har også gjeve ei nærare vurdering av midlane frå Nils og Anna Øyo sitt fond, og det orientert nærare om dette i møtet måndag.

Like kriterium

Kommunalsjefen har tidlegare opplyst at leilegheitene i Sveabrekko vert tildelte etter same kriteria som alders- og omsorgsbustader i kommunen, når vedtak vert gjort av forvaltingskontoret.

– Det vil seia at ein fylgjer dei gjeldande tildelingsreglane som er vedtekne av kommunestyret, skriv Hauglum.

Det overordna målet med slike bustader er at personar med dårleg helse og trong for pleie- og omsorgstenester skal kunna bu lengst mogleg utanfor institusjon, heiter det.

– Det kjennest som eit tjuveri

– Dersom det er slik at kommunen kan gjera med bustadene i Sveabrekko nett som dei vil, ja så kjennest det som eit tjuveri, meiner Odd Helland.

Han var ein av fleire som tidleg på 90-talet jobba for å få realisert bustadene her, og minner om dei 440.000 kr som helselaget og fondet etter Nils og Anna Øyo, utgjorde i prosjektet.

– Eg trur ikkje det er så mange andre bygder i kommunen som har jobba så hardt for dette som oss. Difor kjennest det nokså spesielt når vurderingane frå advokatane og kommunen er slik dei er, meiner Helland.

– Ta kontakt

Dei fyrste leilegheitene i Sveabrekka vart flytta inn i for snart 25 år sidan.

– Eg ventar også på at rådmannen skal ta kontakt i denne saka, seier Helland.

Han oppmodar også politikarane, ikkje minst dei i indre strøk, om å ta bladet frå munnen no.

– Det er nesten som ein kunne krevja at dei 440.000 kr vart sette av til andre prosjekt i Stamnes, avsluttar han. Og lovar samstundes at han vil fylgja utviklinga vidare i saka.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.