annonse

- Kommunestyret må avvisa Voss Resort sitt krav

- Utbyggjaren Voss Resort har ikkje fått løyve frå huseigarane under den planlagte traseen til å byggja kabel over husa deira. Ville det ikkje vera rimeleg å venta til alle løyva var på plass, før ein starta utbygginga, spør Tor Nedrebø. ILLUSTRASJON
- Utbyggjaren Voss Resort har ikkje fått løyve frå huseigarane under den planlagte traseen til å byggja kabel over husa deira. Ville det ikkje vera rimeleg å venta til alle løyva var på plass, før ein starta utbygginga, spør Tor Nedrebø. ILLUSTRASJON: VOSS RESORT

For utanforståande kan det sjå ut som utbygginga av ny gondolbane til Hangur er i godt gjenge. Det er likevel noko som skurrar.

  • Tor Nedrebø

For utanforståande kan det sjå ut som utbygginga av ny gondolbane til Hangur er i godt gjenge.

Det er stor byggeaktivitet på det nye knutepunktet på jernbanestasjonen der ny gondolstasjon skal reisa seg. I fjor haust starta gravearbeidet kring Bavallstoppen for øvre stasjon.

Det er likevel noko som skurrar. Utbyggjaren Voss Resort har ikkje fått løyve frå huseigarane under den planlagte traseen til å byggja kabel over husa deira. Dette er dei pliktige til, ifylgje gjeldande Taubanelov. No ventar dei på at ei ny og revidert Taubanelov vil gjera slikt løyve overflødig. Forslaget i teksten i ny Taubanelov seier at det ikkje skal vera høve til å setja opp bygningar nærmare enn 20 m. og bana skal byggjast slik at den ikkje fører til skade på person, eigedom eller miljø.

Ville det ikkje vera rimeleg å venta til alle løyva var på plass, før ein starta utbygginga?

Mange tykkjer gjerne at å ofra nokre hus er ein rimeleg pris å betala for eit prosjekt som har så mykje å seia for cruisepassasjerar, Flåmsbaneturistar og andre som søkjer helsebot på Hangur.

Å ha forståing for og sympati med oss som vert råka av utbygginga­ er hyggeleg, men desverre til lita hjelp.

Eg bed difor innstendig om at kommunestyret i sitt komande møte avviser Voss Resort sitt krav om oreigning av vår eigedomar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.