annonse

Korleis få den perfekte helga?

VOSS LILLA
VOSS LILLA: Jenter 12 frå Voss Lilla gjev deg alle tipsa du treng for helga, uansett om du kjem frå Voss eller er utombygdar. Frå venstre - Maria Khilolan, Hedda Friisvold, Silvi Khilolan, Jorid Rekve Østlie, Julie Rongve Brattebø, Liva Hesslevik, Ailin Hirth, Sunniva Haug, Jenny Sjøtun og Ingeborg Hovland. (Foto: Lisa Maria Breistein Sølvberg)

Jenter 12 frå Voss Lilla gjev deg alle tipsa du treng for ei perfekt fotballhelg.

  • Lisa Maria Breistein Sølvberg

Det er mange val å ta i løpet av Voss Cup-helga. Kva for nokre kampar skal ein sjå, kor skal ein eta og skal ein ta bilen eller gå på Vangen? 

Jenter 12 frå Voss Lilla har gått saman for å hjelpa alle til å få ei perfekt Voss Cup-helg.

09:00 Istid

Det vert trafikkaos på Vangen i helga, og difor bør du tenkja deg om før du tek bilen til sentrum. Det beste er å ta beina fatt og gå, men dette tek tid. Gjer det om du kan. Om du tek bilen er det best å parkera i parkeringshuset eller ved eit av hotella. Du bør uansett ikkje ta sykkel, for det er for mange folk på fortaua. 

Start dagen med ein is. Aller helst bør du kjøpa isen på ein av cup-kioskane, for då går pengane tilbake til Fotballklubben Voss. Om køen er for lang her, er det lov å gå på Mix. Uansett bør isen etast ved Vangsvatnet. I løpet av dagen er det best å eta så mange is som mogleg, berre ikkje rett før ein kamp. 

11:00 Fotball ved Kunsten

No er det på tida å få med seg fotballkampar. Dersom du ikkje har ein spesifikk kamp du vil sjå, er det tryggast å gå til «Kunsten» ved Idrottsplassen. Her er det fleire baner ved sida av kvarandre, og der er her alt skjer. Her vert det uansett kult og kjekt. 

Etter du har sett nokre kampar er det på tida med lunsj. Den kjøper du sjølvsagt i grillteltet, nære bassenget. Her kan du kjøpa «hakk i poto», hamburgar eller noko å drikka. I tillegg er det lov å kjøpa seg ein ny is no. 

13:00 Bading og meir fotball

Det kjekkaste du kan gjera no er å henga med vener på Vangen. Det er dette alle andre gjer no. Om du har lyst å finna på noko kan du bada i Utebassenget. Dersom du er ein skikkeleg tøffing kan du bada i Vangsen. I tillegg bør du prøva hoppeslottet, og tida før middag er den beste tida å gjera dette på. 

Etterpå ventar det sjølvsagt meir fotball. Du bør sjå flest kampar frå staden du sjølv kjem frå, men viss du er litt smart så ser du og på andre lag. Slik kan du læra deg korleis bortelag er på bana, og vera budd til kampar mot dei i framtida. 

16:00 Middagstid

Alle fotballspelarar treng mat, og det er viktig å eta nok. Dersom du er vossing, reiser du kanskje heim for å eta middag. Er du tilreisande kan det vera fint å gå på restaurant. Då kan du til dømes gå på Alpino eller Peppes Pizza. Det viktigaste er uansett at du et kjøt. Du bør eta fisk eller vegetarmat før kamp, og alltid noko kjøt etter kamp. 

18:00 Nye vener

På kvelden er det tid for å møta nokre nye folk, og du bør nytta høvet til å sjå på bergensgutane dersom du kjem frå Voss. Viss du finn nokon du vil flørta med, kan det vera lurt å lata som du dultar borti dei ved eit uhell. For å koma i snakk er det best å få augnekontakt og så seia hei. Området utanfor Spar og ved kunstgrasbanen er den beste staden for både flørt og nye vener. 

22:00 Leggjetid

Søvn er veldig viktig under Voss Cup. Du må vera opplagt til kampar i morgon. Difor er det best om du klarer å få ni timar søvn. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.