annonse

Køyrde i fjellveggen på riksveg 7

ULUKKE
ULUKKE: Ingen vart skada i trafikkulukka på riksveg 7 mellom Eidfjord og Hardangerbrua (Foto: Google maps)

Ein bil enda opp i autovernet på veg mot Eidfjord natt til onsdag.

Katrine Nordanger Mjelde

Det skjedde på strekkja mellom Hardangerbrua og Eidfjord, fekk politiet melding om.

– Bilen var på veg mot Eidfjord då han køyrde i fjellveggen, for så å køyra i autovernet på motsett side av vegen, seier Frode Kolltveit ved operasjonssentralen. 

Han opplyser at ulukka skjedde litt over midnatt.

– Det ser ut til at sjåføren har sovna bak rattet og at det var det som førte til ulukka, supplerer Kolltveit. 

Det var store materielle skadar på bilen. Sjåføren var ein 18 år gammal mann og han hadde med seg ei 17 år gammal jente som passasjer. Begge vart køyrde til Voss sjukehus for ein sjekk, men stod fram som uskadde. 

Det var lite bilar på staden så ingen trafikale problem oppstod som fylgje av ulukka. 

Det er ikkje gjort inndraging av førarkort.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.