annonse

Kraftig nedgang for hus og hytter

NEDE I KJELLAREN
NEDE I KJELLAREN: Her ser me hjelpearbeidar Sigmund Skår frå Voss i ferd med å panela eit rom i kjellarhøgda av nybygget BB2 på Nyre.
STOR VARIASJON
STOR VARIASJON: Som ein ser, varier talet på godkjente byggjeprosjekt stort frå år til år. Etter fleire år med byggjboom på Voss, vart det bråbrems i 2017.
STØYPING
STØYPING: Trass i minusgrader går betongarbeidet for fullt på Nyre. Her er det ein mur ved BB2-blokka som skal opp innan helga.
SNART KLART
SNART KLART: Polske Sebastian Zywica har akkurat avslutta arbeidet her i 3. etasje, og neste veke skal golvet støypast.
FULL FART
FULL FART: Anleggsleiar Jan Haldor Hatlestad (frå Bergsdalen) kan konstatera at arbeidet med å kle inn terrassen mot vest snart er i mål. BB2 på Nyre skal vera innflyttingsklart til sommaren, får Hordaland vita.

Byggjeboomen Voss har opplevd siste åra, synest vera noko på hell.

Rolf Tepstad

Kommunen sin byggjestatistikk for 2017 syner i alle fall kraftig nedgang både for hytteprosjekt og husvære. Ein lyt attende til åra rundt den store finanskrisa, 2008-2010, for å finna like låge tal.

Også talet på innkomne byggje­søknader låg i 2017 på eit lågmål.

71 hytter, 43 hus

71 hytter og fritidshusvære vart godkjende i 2017. Dette er ned 20 einingar frå 2016, men akkurat ei halvering frå toppåret 2014 då det var 143 nye einingar.

Nedgangen på husvære er endå meir slåande. Frå 72 godkjende einingar i 2016 fall talet til 43 i fjor. I toppåret 2014 godkjente Voss kommune heile 95 nye bustadeiningar.

Oddbjørg Vestrheim, som er fagleiar på Voss kommune si byggjesaksavdeling, opplyser at storparten av dei nye hyttene fordeler seg mellom tre prosjekt. Bavallen er klart størst med 31 nye einingar, Myrkdalen fekk 16 nye einingar godkjende i fjor, medan den tredje store er Voss Hyttegrend med 9 godkjende einingar.

I kategorien hus, gjeld 27 av dei 43 nye einingane prosjekt i sentrumsområdet. Av desse er Nyrefeltet klart størst, med 22 godkjende einingar i 2017.

– Ingen dramatikk

Ove Håland, som er dagleg leiar i Nyrefeltet AS, opplyser at dei 22 einingane som vart godkjende i 2017 er det nye Hagabardet Tunet. Der er byggjearbeidet ikkje starta enno, men fire einingar er alt selde, kan han fortelja.

– Kommunen sin byggjestatistikk vitnar om mindre fart i sakene siste året. Stemmer det med ditt inntrykk?

– Også me selde mindre i 2017 enn dei føregåande åra, men det er vanskeleg å seia om dét skuldast mindre interesse frå marknaden. Me stiller oss like gjerne det motsette spørsmålet, om me sjølve var like flinke og like på i fjor som dei føregåande åra. Og det er me ikkje sikre på at me var!

Uansett, så var det ingen dramatisk nedgang i fjor, understrekar Håland. I augneblinken har Nyrefeltet ferdigstilt eller igangsett 100 einingar, og av desse er 77 selde, kan Ove Håland fortelja.

Og med tanke på Hagabardet Tunet, som altså pryda Voss kommune sin byggjestatistikk for 2017, så startar arbeidet der akkurat i desse dagar, får Hordaland vita.

Byggjestatistikken

Utdrag frå Voss kommune sin byggjestatistikk, tal frå 2017 (og med 2016-tala i parentes):

▪ Innkomne bygjesøknader: 308 (339)

▪ Innkomne frådelings­søknader: 36 (62)

▪ Innkomne seksjonerings­søknader: 23 (15)

▪ Godkjende husvære/ bustader: 43 (72)

▪ Godkjende hytter/ fritidshusvære: 71 (91)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.