annonse

Kristin Skogen Lund blir ny NHO-sjef

(NPK-NTB): NHO har tilsett Kristin Skogen Lund (46) som ny administrerande direktør etter John G. Bernander.

  • Ntb_admin Admin

Skogen Lund er i dag konserndirektør i Telenor og har sidan april 2010 vore president i NHO. Frå 2008 til 2010 var ho visepresident i NHO.

– NHO har eit heilt sentralt oppdrag i det norske samfunnet som forsvarar av interessene til næringslivet. Det oppdraget ser eg fram til å leie, seier Skogen Lund i ein kommentar.

Da det vart kjent at John G. Bernander sa opp stillinga, utnemnde NHO-styret ein eigen tilsetjingskomité. Skogen Lund var éin av medlemmene. Ho valde likevel å trekkje seg frå komiteen fordi ho var kandidat til stillinga.

Det var eit samrøystes styre som vedtok å tilby Skogen Lund stillinga. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.