annonse

Kvar vart det av?

KVAR VART DET AV
KVAR VART DET AV: – So lat oss i tanken vandra, i kveld til den låge stall, der finn me det vesle barnet, som kom frå Guds himmelhall. (Foto: Vidar Herre/illustrasjon)

Eit joladikt av Einar Magne Straume.

Kvar vart det av juletreet, med ange av kvae og bar?
Nei, det har visst gått av mote, no er det plastikk me har.

Eit tre utav ekte plastikk, med glitter og ljos og stas,
ja, jamvel med julekuler av plastikk og ikkje glas.

Kvar vart det av julesongen, som lydde kvar julekveld?
Om jesusbarnet i krubba og englar som høgtid held?

Nei, det er bytt bort med viser om nissar og anna slikt,
eit raudnasa reinsdyr, Gud betre, og «løgn og forbannet dikt».

Kvar vart det av julefreden, på denne vår arme jord?
Mellom kuler og tunge granatar, so lite av freden gror.

Kvar vart det av Jesusbarnet, som kvilde så mjukt på strå,
som hyrdar og vise menner, drog langveges for å sjå?

Men Jesus er ikkje å finna mellom gåve og allslags stas,
for me gløymde å fram han finna, han vart borte i alt vårt mas.

So lat oss i tanken vandra, i kveld til den låge stall,
der finn me det vesle barnet, som kom frå Guds himmelhall.

Ja, lat oss vandra saman, til Betlehem no i natt,
får han reia rom i vårt hjarta, då vert han vår dyraste skatt.

Einar Magne Straume

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.