annonse

Kven meiner du bør verta Årets namn?

2016
2016: Denne karen vart Årets namn i fjor, nemleg Ivar Molde. Kven vert det i år? Me ynskjer dine forslag. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

No kan du koma med dine forslag og hjelpa oss med å finna fram til dei nominerte.

I løpet av desember skal Hordaland kåra «Årets namn» for 2017. Tittelen skal gå til ein eller fleire personar som har utmerkt seg særskilt i løpet av 2017.

Frå byrjinga av desember startar me røystinga, med ti ulike kandidatar som bladstova vel ut mellom alle forslaga som kjem inn. Før det treng me nettopp di hjelp til å finna dei nominerte!

Heider og ære

Kjenner du nokon som fortener heider og ære etter året som har gått?

Du har litt mindre enn ei veke på deg til å senda inn ditt forslag til nominasjon. Me må ha alle forslaga innan måndag 4. desember. Deretter plukkar me ut dei ti nominerte frå alle forslaga me har fått.

Slik gjer du

Send din nominasjon i ein e-post til namn@avisa-hordaland.no eller i ei melding til Facebook-sida vår.

Hugs å leggja ved ei lita grunngjeving for kvifor denne personen eller personane bør verta nominert!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.