annonse

Kvifor fell bilsalet?

SOLID NEDGANG
SOLID NEDGANG: Starten på året har vore temmeleg mørk for dei aller fleste bilimportørane. 2017 var det beste året for bilsal sidan jappetida, 2018 ligg så langt 22 prosent lågare. (Foto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB Scanpix)

Nybilsalet har hatt eit dramatisk fall i 2018. Er dei gode tidene i bilbransjen over? Me har spurt importørane.

  • Morten Abrahamsen/NPK-NTB

To månader ut i 2018 har talet på nybilregistreringar av person­bilar gått kraftig ned samanlikna med i fjor. Det totale talet – 19.398, ifylgje statistikken til Opplysningsrådet for Veitrafikken – er 22 prosent under nivået i 2017.

Alle merka på topp-ti-lista har nedgang. Det er ikkje lystig lesing for bilimportørane.

Espen Olsen, informasjonssjef i Toyota, det nest mest selde bilmerket i Noreg, trur det er fleire faktorar som spelar inn.

– Nedgangen er truleg ein kombinasjon av lang leveringstid på elbilar og ein moderat nedgang i etterspurnaden etter ikkje-ladbare bilar. Mange kundar sit på gjerdet, ettersom det er vanskelegare enn nokon gong for kundane å orientera seg i ein bilmarknad i teknologisk endring.

Olsen meiner òg at regjeringa fører ein uføreseieleg avgiftspolitikk, noko som gjer det utfordrande å vera bilkjøpar i dag.

To årsaker

– Det er lett å seia at bilsalet stuper, men det gjer det ikkje, seier Øystein Herland, administrerande direktør i Volvo i Noreg.

Han seier det særleg er to årsaker til at statistikken viser ein så kraftig nedgang.

– Avgiftsendringane ved nyttår gjorde at det var unormalt høg registreringstakt i desember, dermed blir januar lågare. I tillegg var januar i 2017 ekstremt bra, noko som òg var resultat av ei avgiftsomlegging. Dermed ser tala i år så svake ut.

Han seier dei held på overslaget sitt på ein totalmarknad for alle bilmerke i Noreg på 155.000 nye bilar i 2018. Til samanlikning enda 2017 på 158.000. Herland grunngjev overslaget med at dei har lik ordreinngang no som dei hadde i fjor.

– Me trur det kjem til å stabilisera seg på høgde med fjorårstala mot sommaren, seier Herland.

Marius Tegneby hjå BMW trekkjer fram det same som Herland.

– I registreringsstatistikken hittil i 2018 skjuler det seg to sentrale moment: avgiftsomlegginga i starten av 2017 og avgiftsomlegginga ved årsskiftet i år. Det tek litt tid før balansen set seg i statistikken.

Mykje snø

Tegneby peikar i tillegg på noko me alle har kjent på i år, ein kald og snørik vinter.

– Det heftige snøfallet me har hatt, har medført langt lenger klargjeringstid på bilane etter at dei kjem til Noreg. Det påverkar registreringsdatoane og dermed også statistikken.

Han seier det tidvis har vore smekkfullt på hamna i Drammen, noko som har ført til etterslep i leveringane.

Audun Hermansen, informasjonssjef i Mercedes-Benz, meiner at ein skal vera varsam med å justera forventa totalvolum og eigne ambisjonar basert på to av tolv månader.

– Når det er sagt, fylgjer me sjølvsagt utviklinga tett og har ein god dialog med fabrikken, seier Hermansen.

Mercedes-Benz har halvert leveransane samanlikna med starten av 2017, noko som heng saman med at dei har mange modellar som vart påverka av avgiftsendringane, og at den elektriske B-klassen forsvann frå marknaden på hausten i fjor. Den modellen stod for eit stort volum.

Hermansen seier dei førebels står fast på overslaga på ein totalmarknad på 155.000.

Olsen i Toyota er litt meir pessimistisk. Dei trudde òg på 155.000 personbilar, men har no justert ned forventningane.

– Me trur personbilmarknaden vil enda på 148.000 einingar.

I forlenginga av dette har dei òg justert ned sine eigne mål.

– Me har justert ned salsmålet vårt i takt med at marknaden har gått lågare enn venta i fyrste kvartal. I hovudsak sel me hybrid-elektriske bilar, der etterspurnaden framleis er stabil. Me trur derfor at vår marknadsdel held seg tilnærma på dagens nivå resten av året.

Ny modell

Nissan har òg opplevd ein svakare start i år enn i fjor, men dei har eit ess i ermet, ein ny Leaf. Hjå dei er altså den gamle Leaf på veg ut, mens ein ny Leaf er på veg inn, noko som gjev svikt i salet mens dei ventar på den nye, forklarer Knut Arne Marcussen, kommunikasjonssjef hjå den norske importøren.

– Produksjonen av den nye Leaf-modellen starta i desember med dei fyrste leveransane i Noreg i februar, seier Marcussen.

Leaf har vore den store bestseljaren for merket i Noreg dei siste åra, og Marcussen fortel at dei hadde selt 6500 bilar før nokon eigentleg hadde sett han ordentleg. Han forsikrar òg at det er grei leveringstid på den nye modellen.

– Tingar du han i dag, er han leveringsklar i oktober.

Det betyr òg at alle bilane som er bestilte så langt, blir leverte i år.

– Me uttalte ved inngangen til året at me trur på ein totalmarknad på 155.000 personbilar, noko me framleis gjer. I denne marknaden skal Nissan selja 9000 bilar, og det står me framleis ved.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.