annonse

Kvinne omkom i sykkelulukke

OMKOM
OMKOM: Kvinna i midten av sekstiåra var på sykkeltur i Simadalsvegen då ulukka skjedde. (Foto: Google Maps)

Ei kvinne i sekstiåra vart erklært død på staden etter ei sykkelulukke i Eidfjord fredag kveld.

Katrine Nordanger Mjelde

Det var klokka 18.19 politiet fekk melding om sykkelulukka i Simadalsvegen i Eidfjord.

Det var forbipasserande som fekk med seg ulukka og melde det inn.

– Alle naudetatar rykka ut og det vart gjort fyrstehjelp på staden, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord, i Vest politidistrikt.

Kvinna i midten av sekstiåra vart erklært død på staden av legen frå luftambulansen klokka 19.30.

Uvisst kva som har skjedd

– Det var ingen andre involvert i ulukka så vidt me kan sjå, seier Rebnord.

Det er uvisst om det er fallet som er dødsårsaka eller om kvinna fekk eit illebefinnande.

– Den avdøde er ein utanlandsk turist, og no jobbar me med å få varsla familien sjå nærare på tilføra til ulukka, seier Rebnord.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.