annonse

Kvitanesen byter jobb

KVITANESEN
KVITANESEN: Torbjørn Ljones sluttar som rektor ved Lillehammer vidaregåande skule, men gjev seg ikkje heilt. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Torbjørn Ljones (63) frå Ulvik – også kjend som Kvitanesen – avsluttar som rektor ved Lillehammer vidaregåande skule.

Sigrid Seim

Sjølv om han har arbeidd som rektor ved ulike skular i 35 år, er det framleis ikkje tid for å pensjonera seg.

– Nei. Eg går over til ein stilling hjå Fylkesopplæringssjefen. Så får me titta på kalenderen om ei stund.

Til avisa Gudbrandsdølen Dagningen (GD) seier han at han no syntest det var lenge nok som rektor, både for sin eigen del og for skulen sin del. Det kan vera greitt å lata nokon nye få prøva seg og koma inn med noko nytt.

Dei siste 18 åra har han vore rektor ved Lillehammer vidaregåande skule, av dei har dei fire siste åra vore ved den nye storskulen etter at tre vidaregåande skular vart slått saman. Han går over til den nye jobben frå den dagen ein ny rektor er på plass, opplyser han til gd.no.

– Det har vore ein veldig fin og morosam jobb i alle år, uttalar han til avisa, og trekkjer spesielt fram gleda ved å kunna vera saman med så fine ungdommar kvar einaste dag.

Når Ljones ikkje syslar med vidaregåande opplæring, skriv han soger som han også gjerne framfører, som Kvitanesen. Fredag 13. april er han på våre kantar, i Gamlastova på Vindal i Granvin. Der lovar han å fortelja sanne og halvsanne historier om folk og hendingar i bygdene, og i pausen vert det servert kaffi og kaker på ekta granvinsvis!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.