Farne tider - 13. mars
Biletet er frå bryllaupet til Elisabet Prestegard Nyre og David Sausjord i 1928. / Les saka
Oppdatert: Lørdag 20.03.2010 20:00
OPPHEVING: Granvin opphevar avgrensing av konsesjonsfritak for bustadeigedomar i heile heradet. Vedtaket vart gjort med tolv mot ei røyst.
Publisert: 16.12.09 kl. 15.37
Skribent: Anne Rivenes
E-post: ar@avisa-hordaland.no
Granvin heradsstyre opphevar null-konsesjon, for å gjera det lettare for unge å byggja eigen bustad.
Det store fleirtalet i heradsstyret i Granvin gjekk onsdag inn for å oppheva ordninga med null-konsesjon. Vedtaket vart gjort med tolv mot ei røyst. Martin Hamre (Sp) ville halda fast på noverande ordning, for å unngå at pengesterke bergensarar kjøper opp dei vakre eigedomane langs fjorden.
– Det er ikkje nullkonsesjonen, men mangel på tilrettelagte tomter, som gjer at det er lite bygging i Granvin, sa Martin Hamre.
Annlaug Haugse Såkvitne (Sp) har site i komiteen, som kom med ei samrøystes innstilling om å få slutt på null-konsesjon. Ho har tidlegare vore motstandar av oppheving, men både ho og fleire andre har snudd i løpet av prosessen.
– Ein kan bruka same argument for null-konsesjon som mot. Det er hårfine nyansar, og ikkje enkelt å seia kva som er rett og gale. Me skal vera klar over at ein del heilårsbustader vil verta brukt som fritidsbustader, åtvara Annlaug Haugse Såkvitne. For hennar del var det likevel viktigast å endra på at Granvin har ei særlov som set heradet i ein vanskelegare konkurransesituasjon enn naudsynt.
Opphevingsvedtaket er eit historisk vedtak, meiner granvinordførar Jan Ivar Rødland.
– Kva lyt heradet gjera for at det ikkje skal gå slik Martin Hamre fryktar?
– Me får sjå om det slår ut. Men me har andre reiskapar, til dømes plan- og bygningslova. Dessutan har me hjelp i å sjå på erfaringane frå grannekommunane, seier Rødland.
No skal heradsstyrevedtaket sendast til Landbruks- og matdepartementet, som føretek den formelle opphevinga av forskrifta som Granvin innførte i 1993.
RAS: Bergensbanen mellom Voss og Evanger opna att ved 12-tida laurdag. Då hadde Jernbaneverket reparert skadene under skinnegangen. / Les saka
Fylkesveg 313 mellom Evanger bru og Nesheim er vart stengt fredag kveld. Årsaka var stor rasfare. No er vegen open att, melder Statens vegvesen på sine nettsider.
VOSS: Varmestova i Bavallen, ein garasje tilhøyrande Ørnar idrettslag og fire-fem lastebilar som stod parkerte ved Eensmidja, hadde natt til fredag ubedne gjester. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Biletet er frå bryllaupet til Elisabet Prestegard Nyre og David Sausjord i 1928. / Les saka
– Viss du skal eta ein elefant, må du dela han i små porsjonar! Marta Katrine Egdetveit ler godt og hjarteleg. / Les saka
I desse dagar har vossingane fått tilsendt giro for innbetaling av eigedomsskatt. / Les saka
|
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet Siste frå Voss
20 personar isolerte på SeimsgrendRAS: 20 personar i Seimsgrend er framleis isolerte frå omverda etter at vatn og jordras har øydelagd vegen. / Les saka Fleire innbrot i Bavallen/SkulestadmoVOSS: Varmestova i Bavallen, ein garasje tilhøyrande Ørnar idrettslag og fire-fem lastebilar som stod parkerte ved Eensmidja, hadde natt til fredag ubedne gjester. / Les saka Søk i avisene tilbake til 2004 Siste frå Granvin/UlvikIsreinsking skapar køar på E–16STAMVEGEN: Dersom du er på veg vestover på E-16, kan du rekna med at det vert litt kødanning i dag fredag. / Les saka
Sponheim ny fylkesmannLars Sponheim vart i statsråd fredag utnemnd til ny fylkesmann i Hordaland. / Les saka Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet Siste frå Vaksdal/ModalenInnbrot i bustadhusSTAMNES: Torsdag fekk politiet på Voss melding om innbrot i ein einebustad på Stamnes. Tjuven eller tjuvane skal ha teke seg inn ved å ha knust ei rute i inngangsdøra. Huseigar kan ikkje sjå at noko er teke bort frå bustaden. Politiet var på staden torsdag kveld for å sikra spor etter innbrotet. Isreinsking skapar køar på E–16STAMVEGEN: Dersom du er på veg vestover på E-16, kan du rekna med at det vert litt kødanning i dag fredag. / Les saka |
Det er ein klar og kald morgon den 1.3 mars 2010 kl 7.30. / Les saka
Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka