annonse

Lang kø mellom Kinsarvik og Bu

BUBIL I SKVIS
BUBIL I SKVIS: Denne vegen har vore eit problem lenge. Her frå 2015, då ein bubil og ein trailer kom noko for tett. No er det kø nok ein gong. (Foto: Tordis Johanne Lund)

Vegtrafikksentralen tilrår alternative ruter.

Siri Flatlandsmo

Onsdag klokka 14:19 melder Vegtrafikksentralen Vest om lange køar på Rv 13. Dette skuldast ein kombinasjon av smal veg og stor trafikk av større køyretøy.

Tilrår Utne-Odda

Den siste tida har det vore lange køar dagleg på denne strekkja.

I dag tilrår Vegtrafikksentralen Fv 550.

– Utne -  Odda kan vera eit godt alternativ i staden, skriv dei på Twitter.

Les meir om Rv 13:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse