annonse

Langrenn i gneist­rande vintervêr

KLAR
KLAR: Dei aller yngste klare til start i løypene på Nesheim. (Foto: Liv Anne Bergo)
LØYPENE
LØYPENE: Det er meldt om svært gode løyper. Her er Signe Nesheim (Eksingedalen IL) føre Knut Erik Seime (Bulken IL), med Linea Holme Hetlevik (Modalen IL) i full fart heilt bakarst. (Foto: Liv Anne Bergo)
YNGSTE
YNGSTE: Dei yngste på sigerspallen, med medaljane på plass. (Foto: Liv Anne Bergo)

Natt til sundag var det minus 22 grader på Nesheim i Eksingedalen, men på sundag roa vinden seg. Sola fekk tak og gjorde det triveleg både for store og små på bakkane på Nesheim.

Jan-Egil Dyvik

Det fortel Magnar Nese i Eksingedalen IL, som skipa til det årlege Vaksdalsmeisterskapet i fristil denne helga.

– Det var bortimot vindstille, og slik sett hadde me kjempeforhold, seier han.

Nokre minusgrader toler dei fleste ei stund, og til start stilte 30 personar.

– Me har kalla dette eit ope Vaksdalsmeisterskap, då her er med løparar både frå ­Bulken og Modalen, seier Nese.

Litt færre løparar i år enn i fjor, og det kan ha samanheng med at Birken vart skipa til i helga.

Her var det i alle fall ein del vaksne løparar frå Vaksdal som deltok, meiner han.

Men dei som var samla på Nesheim hadde nokre fine ­timar i sola.

– Og me vaksne som gjekk, sette også stor pris på ein ungdommeleg heiagjeng frå Bulken­. Slikt er inspirerande for oss som har vore med ei stund, seier Nese.


Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.