annonse

Lars Sponheim ny mellombels fylkesmann

HELD FRAM
HELD FRAM: I dag vart det klart at Lars Sponheim held fram som fylkesmann i Hordaland, men på mellombels basis. (Foto: Vidar Herre)

I dag vart Lars Sponheim konstituert i statsråd til mellombels fylkesmann i Hordaland.

Ingvild Siglen Berger

Sponheim held altså fram som fylkesmann når åremålsperioden hans går ut 31. mai 2016. Det melder Kommunal- og moderniseringsdepartementet i ei pressemelding.

- Me får behalda ein dyktig fylkesmann med brei og solid erfaring, seier Jan Tore Sanner, kommunal- og moderniseringsminister.

Departementet har varsla ein gjennomgang av strukturen i fylkesmannsembeta, og difor får Sponheim halda fram i eit mellombels embete. Det vert ikkje inngått nye åremålsavtalar no, og eventuelle endringar i strukturen i fylkesmannsembeta skal avgjerast seinast 31. desember 2018.

Sponheim har vore fylkesmann i Hordaland sidan 1. juni 2010. Det melde seg seks søkjarar då stillinga som mellombels fylkesmann vart lyst ut tidlegare i år.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse