annonse

Lars Steinar Seim fekk kulturprisen i Granvin

GLAD FOR PRIS
GLAD FOR PRIS: Lars Steinar Seim (77) er glad for den uventa heideren han fekk 17. mai. (Foto: )

Prisvinnaren har sin del av æra for at fjella i Granvin har vorte lettare å nytta, både på ski og til fots, sa ordføraren då Lars Steinar Seim fekk tildelt blomar og pris.

Sigrid Seim

– Knapt nokon kjenner fjellområda rundt Oksen betre enn han. Han er positiv og hjelpsam, og stiller alltid opp, understreka ordførar Ingebjørg Winjum.

Prisvinnaren fekk blomebukett og eit spesiallaga tresnitt, og takka for den store og gledelege overraskinga.

– Eg er både glad og veldig stolt! Det er ei stor ære berre å vera nominert til å få ein slik pris, sa han.

I grunngjevinga for tildelinga av prisen nemnde ordføraren at Lars Steinar Seim har vore ei av eldsjelene i Granvin turlag gjennom mange år. Han har laga skilt, merka og rydda løyper til mange fjelltoppar i Granvin. I dei seinare år har han merkt løyper til mange stølar rundt om i Granvin.

Til Oksen

Alt for 20 år sidan starta han dette arbeidet, med å merka turløypene frå Røynstrand, Selstad og Stokksel til Oksen, løyper som han i over 20 år har hatt eineansvar for å merka og vedlikehalda.

For Granvin idrettslag har han også lagt ned mange dugnadstimar. Då ljosløypa i Haugseåsen vart bygd i 1985/86 var Lars Steinar ein av dei som bidrog med mange timars arbeid. Seinare var han med då lagshytta, garasjen og vetlahytto vart bygd. Han var også med og bygde brua mellom Heiane og Tveito. Røynslene frå tida som aktiv skiløpar har han vidareført til nye generasjonar som ynskjer å læra seg å trena og gå fort på ski.

Heidra i fjor

Lars Steinar Seim sit med mykje kunnskap på mange område som har kome bygda til gode. Det er også grunnen til at han i fjor vart utnemnd til æresmedlem i Granvin turlag.

For prisvinnaren er det lett å forklara kvifor han har gjort alt dette:

– Eg har fått driva med det eg har vore glad i!

ss@avisa-hordaland.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse