annonse

Legg HardingarT ut for sal

SLUTT
SLUTT: Etter å ha drive HardingarT i lokala til den tidlegare Sparebanken Hardanger på Utne i to år, vil Kjell-Erik Ruud no selja både selskap og bygg. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)
VIL IKKJE MEIR
VIL IKKJE MEIR: – Eg ynskjer ikkje å slita meg ut lenger, seier Ruud, som har hatt store helsevanskar siste åra. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

To år etter at Kjell-Erik Ruud overtok bankbygget på Utne, og skapte HardingarT er det slutt. No vil han selja.

Nils Kvamsdal

– Det har vore eit eventyr. Eg har treft så utruleg mange fantastiske menneske og fått vener for livet. Men eg ynskjer ikkje å slita meg heilt ut, lenger, seier Kjell-Erik Ruud. På toppen av at han har drive HardingarT i det tidlegare bankbygget på Utne åleine, har han hatt store helseutfordringar dei siste åra. Helseplagene er også ein av grunnane til at han har vore mykje i varmen i Hellas, og i storbyen Athen, siste året.

– Det går ikkje lenger. Eg føler at eg heng i ein kleshengjar, at det er den som held meg oppe, seier Ruud.

Interesserte

Ruud skisserer to alternative måtar å selja bankbygget og HardingarT på.

– Du kan anten kjøpa aksjane i selskapet HardingarT AS for 600.000 kroner og så søkja banken om å få overta lånet på ca. 2.670.000 kroner. Då får ein også med ein del eigneluter som går inn i selskapet. Alternativt kan ein berre kjøpa sjølve bygget for 3,2 millionar, men då er bygget strippa for innhald. Prisen let seg heller ikkje forhandla ned.

Ruud har så langt vore i kontakt med to interesserte grupperingar. Den eine parten verkar interessert i å vidareføra drifta om lag i same retning som no, medan andre har uttrykt tankar om å byggja om til husvære.

– Det er ikkje opp til meg å forlanga kva ein eventuell kjøpar vil gjera med huset og eigedomen.

Både òg

På spørsmål om han trur det vert lett å selja bankhuset på Utne, svarar Kjell-Erik: – Både òg.

– Det er god plass i bygget. Hordaland fylkeskommune driv no og kartlegg kva kunstnarar i fjorden treng av tiltak og hjelp for å halda oppe nivå og kompetanse. Kanskje kan bygget brukast i ein slik samanheng. Utstillingar åleine er ikkje kommersielt drivverdig i fjorden, men det ein tener pengar på er at folk kjem innom. I fjor hadde me 1500 gjester innom sommarutstillinga, og det er slett ikkje så verst.

Kjell-Erik Ruud kjem til å halda fram med å ha bustad på Utne, sjølv om han med det fyrste set kursen for Athen og ein utstillingsjobb han skal gjera der.

– Eg vil ha det gode livet på Utne, men eg vil òg ha det tilbodet ein storby som Athen kan gje meg. Eg vil ha det beste av to verder. Vil me ikkje alle ha det, eigentleg?

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.