annonse

Legg ned asylmottaket i Kinsarvik

PROSESS
PROSESS: Ein er no i gang med å leggja ned asylmottaket i Kinsarvik. (Foto: Vidar Herre/Illustrasjon)

1. august starta ein tremånadersprosess med å leggja ned asylmottaket i Kinsarvik. 80 menneske skal flyttast.

Nils Kvamsdal

Nedgangen i talet på asylsøkjarar fører til nedlegging av stadig nye mottaksplassar i vår region.

Ullensvang herad er no i gang med prosessen som skal munna ut i at 80 menneske skal vera ute av asylmottaket i Kinsarvik innan 1. november.

Til Hardanger Folkeblad seier regiondirektør Stig Arne Thune i UDI at ein tek sikte på å flytta barnefamiliar og born som har fått opphaldsløyve til sine respektive heimekommunar innan skulestart.

Også barnefamiliar som har fått avslag skal etter planen flyttast til nytt mottak før skuleåret startar.

Rådmann Magnus Steigedal i Ullensvang seier til Hardanger Folkeblad at alle som bur på asylmottaket er informerte om det som skal skje, men òg at dei undrar på kvar dei skal flyttast. For mange er dette berre eit nytt kapittel i ein serie flyttingar.

Ullensvang-ordførar Solfrid Borge fortel til lokalavisa at administrasjon og folkevalde er «overgjevne» over at UDI vil leggja ned mottaket. Kva som vidare skal skje er så langt ikkje avklara.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.