Avisa Hordaland

Ny Hangursbane – nytt fyrtårn

Publisert: 24.10.09 kl. 11.29
Skribent: Red. Sigmund Midttun
E-post: smi@avisa-h.no

Eit forprosjekt for ny gondolbane til Hangur er så vidt kome i gang. Voss Resort AS står bak planane, med Hagen-selskapet Canica som delinvestor. Dette er eit spennande tiltak.

Det var framsynte folk som bygde gondolbanen til Hangur for meir enn 45 år sidan. For Vossebygda vart Hangursbanen eit fyrtårn, noko vossingane var stolte av og dei tilreisande tykte var spennande og spektakulært. Etter som åra har gått har Hangursbanen kome stadig meir i bakleksa. Fleire tilhøve spelar inn her. Plassering av nedre stasjon litt for langt unna Vangen, midt i eit bustadfelt og med dårlege parkeringstilhøve er ein ting, dårleg kapasitet på banen ein annan, samstundes som Hangursområdet ikkje er utnytta slik det kunne ha vorte. Dessutan er det framleis eit umiskjenneleg 60-talspreg over Hangursrestauranten. I tillegg har Bavallen etter kvart blitt så oppgradert at dei fleste føretrekkjer den vegen når dei skal til fjells.

Skulle forprosjektet som no er i gang konkludera med at det er økonomisk interessant å byggja ny gondolbane til Hangur frå området jernbanestasjonen/ Fengselstomta, vil me få eit landemerke som kan gje nytt løft til reiselivsbygda Voss. Med i forprosjektet er også hotell både ved nedre stasjon og øvre stasjon. Dette er godt i tråd med den reiselivsstrategien som er lagt for kommunen.

Det er mange skjær i sjøen før det vert avgjort om planane kan realiserast. Ikkje minst er det viktig at utbyggjarane kjem til semje med grunneigarane langs den nye traseen. Med ny teknologi er det mogeleg å byggja banen i eitt strekk, utan mellommaster som sjenerer. Likevel vil ein del bustader få luftspenn over husa sine. Det kan sjølvsagt vera delte meiningar om kor positivt dette er. NSB, Voss kommune og Voss Sparebank er andre naboar som ein må koma til felles forståing med.

Skal Voss vera ei reiselivsbygd å rekna med i framtida må det fornying til. Det framlagde forprosjektet er i så måte eit dristig og positivt bidrag. Ikkje minst vil det vera verdfullt for sommar-Voss at folk kan ta banen frå om lag midt på Vangen til fjells. På Hangur er det nesten uavgrensa høve til å skapa aktivitetar for både små og store.

Me ventar spent på framhaldet av prosjektet. Vonleg slepp me å arkivera det som «endå eit luftslott som det ikkje vart noko av».

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur til Yksendalsstølen»

Tur til Yksendalsstølen

I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka

Bilete til saka «Nye elevar, nytt namn»

Nye elevar, nytt namn

ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

Bilete til saka «Frå farne tider»

Frå farne tider

Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen,  / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt