Tur til Yksendalsstølen
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
Publisert: 30.01.10 kl. 11.05
Skribent: Red. Sigmund Midttun
E-post: smi@avisa-h.no
Fleischer’s Hotel gjev opp Fraktgodsen. Det tidlegare kulturhuset vart ofra av politikarane for rundt tre år sidan. Fleischer’s overtok leigekontrakten og hadde tilsynelatande store planar. Etter nokre spede og halvhjarta freistnader vart det stilt.
Fraktgodsen opna dørene berre dersom utanforståande leigde seg inn i huset. Og etter det me har forstått har det ikkje nett vore billig å leiga lokala. I tida som har gått etter at hotellet overtok, er det heller ikkje gjort noko vesentleg innvendig.
No er det høgst uvisst kva som vert lagnaden til Fraktgodsen. Når Vossa Jazz 2010 pakkar saman utpå natta til 29. mars, har Rom Eiendom ingen leigetakar – så langt. Det er eigedomsselskapet til NSB som eig Fraktgodsen. Derifrå er signala klare: Dei ynskjer å leiga til nokon som vil vidareføra Fraktgodsen som kulturhus.
Feige politikarar torpederte eit folkeleg initiativ om å føra vidare Fraktgodsen for tre år sidan. No har nokre av dei same politikarane høve til å medverka til at dette folkelege kulturhuset kjem opp og går att. Men me ser dilemmaet; til hausten står Det Store Kulturhuset ferdig på bussgarasjetomta. At kommunen vil få ei utfordring med å få drifta av dette til å gå i hop, er me ikkje i tvil om. Likevel er det ikkje alle tilskipingar som vil høva i det nye kulturhuset. Mange arrangørar vil heller ikkje ha råd til å bruka det.
Det verste som kan skje med Fraktgodsen er at det vert ombygt til kontor eller lager. Då misser kulturlivet ein scene som har vore viktig, og som også bør vera det i framtida. Initiativ frå kulturlivet er kanskje i kjømda. Og dersom det kjem opp solide planar om å driva Fraktgodsen vidare som kulturhus, kan støtte frå Kulturrådet vera med å berga drifta. I så fall reknar me med at kommunen og fylket også vil delta i spleiselaget.
Fraktgodsen trengst framleis som kulturhus. Alle gode krefter bør dra saman for å få dette til.
BOLSTAD: I alt 7,65 millionar er sett av til Øvstedalsvegen. Før neste sommar skal nytt, fast dekke vera på plass. / Les saka
VOSS: Fire entreprenørar har gjeve tilbod på kulverten i vestre ende av Vangstunnelen. NCC er klart lågast i pris. / Les saka
DALE: Ein eller annan gong i løpet av natta har einkvan teke seg inn på Camillas kro på Dale. Det er førebels ingenting som tyder på at noko er stole. / Les saka
BERGEN: Til helga vert Bryggen i Bergen fyllt av lekker lokalmat frå fylket. / Les saka
Modalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka
VOSS/HARDANGER: Utlendingar går på dørene og påstår dei sel Hardanger Bestikk. No åtvarar tradisjonsverksemda i Kinsarvik mot utanlandske seljarar som utgjev seg for å vera deira representant. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen, / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka