annonse

Leiarjobb til Anette T. Hjeltnes

NY JOBB
NY JOBB: Anette T. Hjeltnes skal byrja å jobba i Ulvik herad. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)

Anette T. Hjeltnes (43) er tilsett i den nye stillingen som personal- og administrasjonsleiar i Ulvik herad.

Sigrid Seim

– Anette T. Hjeltnes er tilsett, og ho har munnleg teke imot tilbodet, opplyser rådmann Thore Hopperstad i Ulvik.

Ho er busett i Ulvik og har ein allsidig bakgrunn både innan personalfeltet og økonomi. For tida arbeider ho med tilsvarande oppgåver ved skulekontoret i Voss kommune.

Hjeltnes har tidlegare mellom anna vore prosjektleiar for Flytt til Hardanger, og har seinare arbeidd som leiar ved Medisinsk Helsesenter AS i Ulvik.

– Det var gode søkjarar og kandidatar til stillingen, seier rådmannen som har tilsetjingsmynde i denne saka.

Han reknar med at Hjeltnes kan vera på plass i den nye jobben frå 1. april neste år.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.