annonse

Leitar etter bassengvakter i Ulvik

BRAKANES SKULE
BRAKANES SKULE: Ulvik slit med å få organisert vakter til folkebadinga. (Foto: Sigrid Seim)

Etter at hjelpekorpset sa frå seg ansvaret, har Ulvik slite med å få organisert vakter til folkebadinga.

Sigrid Seim

Bygdefolket har tidlegare hatt tilgang til bruk av bassenget på skulen, takka vera vakthald som det lokale hjelpekorpset har organisert. Dei har no sagt opp avtalen, og fungerande rådmann Reidar Meel orienterte formannskapet nyleg om korleis dei har arbeidd med å få på plass ei ny ordning.

Etter ein ny runde med hjelpekorpset, har dei hatt møte med idrettslaget om dette. Men laget kunne ikkje ta det på seg.

– No er me i beit, for dette er eit viktig tilbod, sa Meel.

Han hadde inga klar løysing, men har no utfordra fagforeiningane i kommunen. Det fylgjer ei godtgjersle med, vart det opplyst. Hjelpekorpset har fått 35.000 kroner, og det har vore årlege billettinntekter på rundt 30.000 kroner. Også dette kan dei som tek seg av vakthaldet få disponera. Rådmannen lova å arbeida vidare med saka, og satsa på at det skulle verta ei løysing, sa han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.